Balansekunst

Mannen i den glinsande, blå trikoten leikar lett og ledig på lina. Publikum glanar, alle har dei kvitt skjegg av sukkerspinn.

Trommevirvlar.

Mannen i den glinsande, blå trikoten mistar balansen. Publikum gispar, alle har dei kvitt skjegg av sukkerspinn.

Mannen i den glinsande blå trikoten må snart falla. Tyngdekrafta krev det. Publikum ventar, alle har dei poppkorn i venstre neve.

- Amatør! ropar ei kvinne med spiss nase.

Linedansaren balanserer vidare. Publikum slepp ut eit stort sukk og puttar popkorn i munnen.

Eg lener meg inntil deg, så nært at du får sukkerspinn i håret, og kviskrar.

- Veit du? Eg har alltid likt linedansarar som nesten fell, men som i siste sekund vinn attende balansen, betre enn dei som kjem feilfritt over.

Du nikkar, legg eit popkorn i munnen min. Me er snublande menneske i glinsande trikotar.

Kommentarer

Lindabk sa…
så vakkert.. er det fiksjon eller ekte?
Fru K sa…
takker.

fiksjon. reinspikka vrøvl.

:)
Preben sa…
Du skriv fortsatt inspirrerande!
Hald det oppe.

Om du les bloggen min ser du at eg har registrert at du har lagt ut ein oppgåve til meg. :) Det kjem snart.
Eg er jo trass alt megsjølv lik når det gjeld tidsbruk o.l. Sjølvsagt...:)

Snakkast snart. Håper fyrste helga tilbake i hovudstaden artar seg bra. Eg fer til Bergen og mormors 85-årsdag. Kake og kaffi i bøtter og spann... Wehu!

Til neste gong...
:)