Verbal kunst

Det er utruleg kor mange ord som kjem ut or eit menneske. Tunga er mektig, ho kan byggja opp eller øydeleggja.

Det er få som snakkar om samtalekunst. Owe Wikstrøm skriv litt om kunstforma i ”Leve langsomheten”. Han seier at svenskar (nordmenn er nok i same båt) i stor grad held samtalen på eit refererande plan i staden for å gå ned på det som ligg djupare. Ein kan seia ”Hansen har gått bort” utan å snakka om sjølve døden. Eg elskar djupe samtalar, og vil difor prøva å koma meg vekk i frå det refererande planet når eg er i situasjonar der djupare emne kan vera på sin plass.

Eg merker at interessante samtalar fort vert polariserte. Den eine forsvarar eit standpunkt, medan den andre er på offensiven. På denne måten vert det vanskeleg å lytta til motparten sine utsegn, for dersom ein er samd i dei, har ein tapt debatten. Dette er ein lite fruktbar samtaleform. Ingen av oss er så kloke at ein ikkje har noko å læra av andre. Alle har godt av å sjå saker i frå fleire kantar, berre då kan eit standpunkt verkeleg verta solid og gjennomtenkt. Difor ønskjer eg å gjera samtalane likare eit essay, ei utprøving av ulike tankar, ei vandring i eit ope landskap, der vegen ikkje treng å føra til eit klart svar. Det eg seier, er ikkje alltid ei meining som eg står for. Heller ein idé som eg vil testa ut utanfor mitt eige hovud for å finna ut om han er liv laga.

Å verta ein samtalekunstnar er ikkje gjort i ei handvending. Etter 20 år på kloden har eg lært å kjenna lydar som ord, og å setja lydane saman så dei gjev meining. Dette er eit meisterstykke i seg sjølv. No som verktøyet mitt er nokolunde skarpt, vil eg utforska sjølve kunstforma. Eg håper på å vera ein god samtalar når eg er 40, kan hende er dette litt optimistisk. Dersom du som les dette nokon gong kjem i prat med meg, vert eg glad om du vil famla rundt i samtalekunsten med meg.

Til slutt: Lett prat skal sjølvsagd ikkje undervurderast, det spelar ein uvurderleg rolle i det sosiale samspelet. Det er få ting som er så fint som å le og le og le saman med ein god ven.

Kommentarer

Dette va et bra innlegg!
Samtalekunst hørres kjekt ut, det må eg prøva :-)
Fru K sa…
takk!
og lykke til :)