Tynn tråd

Det hender at eg ber Gud om å setja meg over på linja di. Eg veit ikkje om han gjer det. Har du høyrt meg snakka til deg? I natt for eksempel, då eg lukka den siste boka og spurte deg om du óg var einsam.

Av og til seier eg namnet ditt når eg skal be, i staden for namnet til Gud. Desse gongene vil eg berre ha nokon å prata med, nokon å pusta saman med og røra ved. Gud vert ikkje sint fordi eg heller vil snakka med deg. Det er jo ikkje som om eg ber deg om å utretta mirakel. Du er eit mirakel han har gjort, for at me skulle vera oss.

Når me er saman, er me tretvinna tråd. To famlande menneske og ein allmektig skapar.

Til tider trur eg at Gud er like langt borte som det du er. Like mange mil, dagar, år borte frå meg. Då vert eg lei meg. Når eg seier at Gud er bortevekk, seier dei at eg lyg, og då svarer eg kjekt at ”ja, eg veit at det ikkje er sant, men det kjennest slik”, og så vert eg og dei andre samde om at Gud er konstant nær, og at eg må la sanning gå framføre kjensler.

Då er det annleis med deg. Du er verkeleg ikkje her.

Kommentarer

Preben sa…
Ei vakker tekst. Slik du er så flink til å skrive.
Det var koseleg å lese noen av tekstane dine igjen.
Vonar du har det fint. :)
Klem
Fru K sa…
Takk, ven.Får me til ein prat før du fer til Italia?

vakkert å sjå ein nysutsprungen nynorskbrukar. eg reknar med at olav set like stor pris på det som eg. lykke til! eg vil gratulera deg, no kan du bruka dei fantastiske orda "kjærleik" og "venleik"!

klem
Preben sa…
Berre hyggeleg.
Klart vi tar ein prat før eg drar. :)

Det er litt rart å skrive nynorsk, men eg trur det går greit så langt.

Snakkes.