På trygg grunn




Du svelgjer maleriet med auga dine. Eg vert redd for at du skal sveva i frå meg. Prøver å finna skarpe nok ord til å stikka hol på ballongen din.

- Livet vert aldri slik, veit du.

Du svarer ikkje, legg høgre hand rundt livet mitt, tek meg i handa med den andre.

- Kjærleiken kjem aldri til sjå så vakker ut for oss.

Du svinger meg rundt. Og seier.

- Kjenner du korleis saltvatnet kjøler ned tærne dine?

Leppene dine teiknar eit gåtefullt smil. Du ser inn i meg, legg hovudet bakover og ler. Eg visste ikkje at du var så god til å dansa.

Dei andre i galleriet ser på oss. Du blunker til ein kjekk mann. Ei kvinne på høge hælar går straks bort og tek tak i armen hans.

Med det strame andletsutrykket mitt prøver eg å kommunisera at dette var din idé. Håper dei forstår at det er du som er sprø. Eg ser at du er gjennomsyra av lykke.

Det er i slike stunder eg må hugsa på at den som ikkje drøymer, håpar, lengtar, heller ikkje vert skuffa.
Bilete: Dance me to the end of love, Jack Vettriano

Kommentarer

Silje sa…
Du e så flink te dra i gang fantasien ut fra tanker og bilder Kristine. Facinerende! Likte det veldig godt! :)
Fru K sa…
takk, vennen!

du er flink til å laga bilete... kan du laga eit eg kan fantasera ut i frå?