Litt rar litterær leik

Bjørnar Tollaksen utfordra meg til litterær leik, så då er det få andre ting å gjera enn å takka, bukka og skriva. Reglar:

"Rekk ut hånda etter nærmeste bok
Slå opp på side 123
Finn femte setningen på sida
Legg denne setningen og de to neste ut på bloggen (sammen med instruksjonene)
Kommenter sitatet
Send leken videre til tre andre personer og krediter den som sendte leken til deg. "

Forbrytelse og staff av Fjodor Dostojevskij ligg øvst i stabelen på nattbordet.

Det var allerede blitt ganske lyst, og han begynte raskt å granske seg selv fra topp til tå, og ganske særlig alle klær: Der skulle vel ikke være spor av noe slag? Nei, slik gikk det ikke an å få undersøkt det som han skulle.”

Raskolnikov var ein gong student ved det juridiske fakultet, men på den tida eksisterte ikkje Statens Lånekasse i St. Petersburg, så han måtte leggja studia sine på is på grunn av pengemangel. Den unge mannen kan den eine augneblinken vera full av angst og vrangførestillingar, før han i det neste nu føler at han ser situasjonen klinkande klart. Han er stadig svolten og febersjuk. Får han pengar å rutta med, gjev han dei bort så snart nokon andre treng dei. Han minner meg om han som går svolten i Christiania sine gater i Hamsun sin ”Sult”. Den store skilnaden er at han i ”Sult” aldri vert ein mordar.

Raskolnikov har lenge hatt ein fiks idé om å gjera noko forferdeleg. Han planlegg handlinga, men trur ikkje at han kjem til å gjennomføra. Ein dag gjer han det likevel, han drep to kvinner med øks. I utsnittet på s. 123 har han nett gjort udåden, og er i ferd med å undersøka kleda sine.

Eg har ikkje kome så mykje lenger, men kan i alle fall prøva å seia noko generelt om boka. ”Forbrytelse og straff” problematiserer mellom anna grunnlaget for vår moralske tenking. Når Raskolnikov går inn for å drepa, rettferdiggjer han handlinga si konsekvensetisk: Den eine kvinna er ikkje eit godt menneske, og pengane hennar kunne ha redda mange fattige om dei ikkje var i hennar varetekt. For oss ”normale” menneske, er dette resonnementet ikkje haldbart. Det å ta eit liv er ein av dei største syndar, og om konsekvensane skulle vera overvegande positive, kan ikkje det få oss bort i frå tanken på at mordaren må få straffa si. (Men nokre ”normale” menneske er likevel for dødsstraff. Dei om det.)

Psyken til ein mordar, er ikkje det lettaste å forestilla seg, men det er nettopp dette Dostojevskij har gjort. Kva er det som får ein vanleg student til å enda opp som mordar? Raskolnikov er ingen djevel, han er fullt ut menneske. Vart han offer for miljø, psykisk sjukdom, tilfeldige hendingar, eller var han rett og slett vond? (vond er på nynorsk det same som ond, eit forvirrande ord)

Boka er viktig i verdslitteraturen, så det er berre å kasta seg over henne! Dei russiske namna kan vera vanskelege å halda styr på, men den norske oversettaren har vore så snill at han har sett opp ein oversikt bak i boka. Takk!

Eg utfordrar Per M. Schjeldrup, Preben Aukland og Anna Rosa Strassegger. Lykke til!

Kommentarer

Anna Rosa sa…
hva er regelen om siden ikke har fem setninger? telle seg til femte setning selv om den begynner på neste side?
... bare spørsmål...

flott kar dostojekskij ja=)
Fru K sa…
det veit vel du svaret på likeså godt som eg.

tja, veit ikkje kor flott han var. han var visst rimeleg antisemittisk. buuu. men skriva, det kunne han.
PerMS sa…
God sumar, vyrde nynorskforfattar.
Eg er lei for det, men den næraste boka var bind 1 av Time gard og ætt(-esoge). Her kjem sitatet:
"I 1936, - då ein så smått tok til å koma ovanpå etter krisa - såg banken seg råd til å modernisera første høgda.
Då krigen kom, var det ikkje råd til å gjera større sprell og etter krigen var det rasjonering på byggemterial."
Eg slit litt med å gjera dette til ei minnerverdig lesaroppleving. Det handlar om Time Sparebank, der du eller Bjørnar T. kanskje har stuva vekk litt jordisk gods(?). Teksten seier i det minste at Noreg ikkje alltid var eit land prega av "sjølvsagt" fred kjøpekraft og overforbruk, eller "større sprell", som forfattaren kallar det.
Ha ein forsatt fin ferie og sprell med måte.
(Neste gong ligg heilt sikkert ikkje ættesoga nærast. Eg sette ho øvst i hylla for å vera heilt sikker.) PerMS