Steinkjerringa

Ho vart aldri ferdig. Ho kom aldri fram.

Ho skulle stå framføre stolte Kongsgård i penaste Stavanger. Der som Kielland hadde plassert sin lille Marius.

Men så stakk kunstnaren av til Amerika, det lova land. Han braut løftet han hadde gjeve steinkvinna si. Ho tenkte: Typisk mannfolk.

Ei halvferdig kvinne var ikkje god nok for byfolka. Ho vart bondekone.

Gode sjeler ville ha henne på Synesvarden. Eit utkikkspunkt der ho nok kunne få det fint. Ho vart delt i tre. Dei transporterte henne på slede

og gav opp før dei var framme. Denne plassen er vel like bra som toppen? Dei sette saman puslespelet på tre bitar. Oppegåande folk.

Fuglane har gjeve henne kvitt hår. Ho har ikkje synlege bryster. Nasen er halv. Men blikket: Det er stål.

Trugande skyar bak henne. Ho ser på oss, på havet og den gode landbruksjorda. Hennar verkelege namn er Mor Noreg.


(Eg har ikkje drive fullgod research. Fakta er heller ikkje poenget.)

Kommentarer

PerMS sa…
Kven vil ha ei ferdig kvinne?
Helsing ein halvferdig byas.