Pustetelt

I
Frå rolle til rolle, frå prestasjon til prestasjon, frå relasjon til relasjon. Frå by til by, miljø til miljø. Stadig på vandring frå dag til dag og år til år.

II
Me har fjerna klokkene. Regnet trommar på teltduken. Vinden pustar tungt, og me håper at dei improviserte teltpluggane ikkje sviktar oss. Høgtlesing frå Leve langsomheten av Owe Wikstrøm. Neste morgon står me opp når me kjenner oss vakne, et frukost, pakkar saman og går heimover. Når turen er over, finn eg ut at klokka er 11.

III
Utan pusterom er eg eit karbondioksidvrak.

Kommentarer