Startstrek
Hæ?
Ferdig på jussen. Eg har ikkje noko å bruka dagane på lenger, eg må laga dagane sjølv. Eg er identitetslaus. Heile livet mitt sirkla rundt Norges Lover. Uventa kjensle av at ting er tomt.
I dag vakna eg opp til hangover, sjølv om eg ikkje gjekk på festen i går, eg var utslått. Feira med å sjå ”Et moderne sted”, samtidsdans på Scene To i Operaen. Eg slit framleis med å lika den uttrykksforma. Men jo, det var vakkert, klart det.
Eg har lese to bøker denne veka.
”Silke” av Alessandro Baricco. Fantastisk!
”Skutt i filler av Mads Mikkelsen” av venninna mi, Hedda H. Robertsen. Oppslukande. Dog noko uvant for ei jente frå bedehusland. Bra å utvida horisontar...
Tematikk: Kjærleiken. Så eg måtte spy ut ein kjærleikstekst sjølv. Han begynner slik:
”I det du ser på meg, vert eg det svarte holet som er fanga i dei blågrå irisane. Du forsvinn i mengda, og frå då av er eg ein som forfølgjer. ”
Forferdelig tekst. Forferdelig.
Tanken slår meg: DEN HISTORIA DU HAR TENKT Å SKRIVA KJEM IKKJE TIL Å FUNGERA, DEN ER KJEMPETEIT.
Tanken fyller meg.
I dag skal eg på shopping. Eg har masse tid. Eg forstår ikkje konseptet.
Eg prøvde å nappa ut håra på leggane mine med pinsett i dag. Det tok alt for lang tid. Så eg gav opp.
Det må verta meir meiningsfylt enn dette. Kognitiv psykologi: Tenk positivt:
LA VIE, C’EST BELLE!
Let’s go.

Kommentarer