Frøken rasjonell blir emosjonell

Eg har lese for mange kjærleiksromanar. Her er mitt bidrag til sjangeren.

Dyna mi er rosa. Eg står ikkje opp, sjølv om eg er lys vaken. Du surrer rundt i hovudet mitt. Er du ikkje snart sliten?

Eg er eit idiotisk emosjonelt kvinnfolk. Det er deilig. Eg klemmer puta mi og studerer alle hjartene. Hadde eg hatt ein tekstiltusj, ville eg ha teikna ein sikksakkstrek gjennom alle saman.

Dette her er for dumt.

Før du kom på besøk, hadde eg rydda vekk alle kjensler og tenkte ”Ha! Eg er neimen ikkje forelska i det heile!”

Når du gjekk, var muren min rasert. Men eg bygde han trufast opp att på eit par dagar.

Rasjonaliteten tapte til slutt striden mot emosjonane. Nederlaget var eit faktum. Kjenslene tok ein grusom hevn på ho som hadde prøvd å undertrykka dei.

Planen var å spytta deg ut av hjarta mitt. Du var på veg ut døra mi for siste gong på lenge.

”Eg er forelska i deg!” seier eg, for eg innser at eg elles ville ha svikta meg sjølv.
”Hæ?” Du høyrde ikkje kva eg sa, eg snakka for fort. Her kunne eg ha redda meg med å seia ”Ha ein god sommar!”. Men eg gjentok galskapen.

”Du har vore veldig flink til å visa at du ikkje er interessert i meg”, seier eg for at du ikkje skal føla noko skuld i mi emosjonelle tragedie. ”Men det er nok ein av grunnane til at eg falt for deg”.

Ingenting å skjula lenger.

Eg ante ikkje at eg kunne bli så teit. Kjenslene overmannar meg, gjer meg til den største dusten eg kjenner. Plutseleg kan eg identifisera meg med kvinnene i dei tåpelege romantiske komediane. Det er til pass for meg, eg som trudde at eg var så mykje betre.

”Lady sings the blues” snurrer i cd-spelaren. Eg syng med i dusjen, lykkeleg over at eg ikkje er den einaste håplaust forelska som har vandra på jorda si overflate. ”Just my luck to be in love in vain”. Eg tenkjer at det var flaks at eg ikkje møtte på deg i går. Hadde eg sett deg i bunad, ville eg ha smelta bort som ein 17. –mai-is som ingen ville eta.

Dette er tragikomisk. Eg ler.

Eg veit at eg kjem over dette. Rasjonaliteten støtter meg, fortel meg at eg lærer masse om meg sjølv, og at om Gud ikkje ville at det skulle bli oss, så var det heller ikkje til det beste.

Det er herleg å kjenna seg så utruleg levande og overmanna som det eg gjer no. Svak og inderleg menneskeleg. Irrasjonell. Eg bestemmer meg for å sjå deg att ein gong til før eg forsvinn, berre for å vri kniven rundt i såret. Det fortener eg, så dum som eg er.

Eg kunne ha gjeve det så mykje vakkert.
Eg går snart forbi deg. Du kjem ikkje til å følgja etter.

C’est la vie, mon cheri.

Kommentarer

Ragnhild sa…
Du er søt, skjønne emosjonelle kvinne!:)
Anonym sa…
Aldeles fanastisk!!!
Smile bredt mens eg lese :)
Å ler høgt innimellom
Bloggen din blei denne dagens heldige funn

Takk :)
Fru K sa…
takk ragnhild :-) du er søt du også. savner leiligheten. savner der. (retting: saknar)

og veldig oppmuntrende, anonym. trengte det der. mi eiga oppfatning er at eg skriv innadvendte, uinteressante og dårlege tekstar. godt at nokon finn det annleis.
Fru K sa…
"der" er sjølvsagd ein kortare og enklare måte å seia dere på. men eg burde strengt tatt skrive dykk. eg saknar DYKK.