Deppa darling

Når sola stikk strålene sine inn vindauget, veit eg at du skulle ønska det framleis var vinter.

Alle er glade.
Alt som skulle til for å koma på rett kjøl, var d – vitamin og dagslys.

Det var ikkje nok for deg.
Det er greitt, min deppa darling.

Alle leiker i parken med grillglis og lykke i augekroken.

Me kan godt sitta i parken med mørk poesi og tårer gøymde i varme klemmar.

La det som er tomt, forbli tomt. Heller det enn å fylla opp med søppel.
Spar tomrommet, så kan me fylla det med gull.

Det tek berre litt lenger tid.

Kommentarer

Ragnhild sa…
For en rebelsk tittel! Bokstavrim, vakkert og opprørsk samtidig, veldig bra;)

Det va ein lang vinter, men te slutt blei det vår:)
Fru K sa…
skarp analyse av tittelen, frk. Thu!

"det skjedde gradvis, så plutseleg" (fri oversetting av Hemmingway trur eg. passer fint på norsk klima)