Bryneguiden

Denne teksten skal gjeva deg svaret på kvifor du skal velja Bryne som feriedestinasjon i sommar.

Bryne er byen der det rurale møter det urbane på ein unik måte. Plassen fekk sin etterlengta bystatus i 2001. Forureining og høge, grå kontorbygg har ikkje rukke å overmanna småstadsjarmen. Difor kan turoperatøren framleis freista med traktorsafari midt i hovudhandlegata. Er du heldig, får du sjå ein flott, raud Massey koma køyrande mot deg.. Desse dukkar gjerne opp på seint på laurdagskveldar.

Bryne har ein draum om å bli noko, og stikkordet her er ”større”. Difor er plassen eit mekka for dei som er fascinerte av heisekranar og gravemaskinar. Det går rykte om at populasjonen av anleggskøyretøy er større enn sauepopulasjonen.

Kjem du hit som turist om våren, får du oppleva den karakteristiske vår-parfymen, eller hevdalukt, som den òg vert kalla. Lukta er eit altomfattande fenomen, som gjennomsyrer alle klesplagg og kvart einaste hår du har på hovudet.

Bryne FK held seg for tida i øvre del av Adecco-ligaen, og opprykket er som alltid like rundt hjørnet. Det er ikkje så alt for lenge sidan fotballgutta var i cupfinalen. Sjølv om ein ny stadion foreløpig er eit skrinlagd prosjekt, set ikkje det ein dempar for stemninga på kampane. Ein treng ikkje vera ihuga supporter for å stemma i ”Dæ æ Bryne så æ laget, og nå har me øvetage, du kan glømma å ta det tebage.”

Garborg og Kaizers ber vitnesbyrd om at Bryne er ein stad der kulturen har god grobotn. Storgata kryr av små galleri med lokale kunstnarar som meir enn villig fortel om kunsten sin. Snart dukkar Garborgsenteret opp, eit omdiskutert og etterlengta kulturtilitak. Den store skulpturkunstnaren Fritz Røed trødde sine barneskor på Bryne. Difor dediserte han ein samling skulpturar til byen. Dei sirkusinspirerte statuane utstrålar ei boblande livsglede. Eit naturleg innslag i ein guida tur gjennom parken der statuane står, er ein stille pause i eitt minutt. Dette er til minne om den yndige sirkushunden som ikkje lenger står på plassen sin ved gangstien, men har mått flytt innandørs. Dette på grunn av pøblar, som sjølvsagd ikkje er representative for den jamne jærbu sitt kunstengasjement.

Ein kvar by med respekt for seg sjølv, har eit knippe festivalar. På ståande fot kan eg nemna Potetfestivalen, Livsglededøgnet, Jærdagen/Jærnåttå og Ranglerock. Alle har kvar sitt særpreg og kvar sin sjarm.

Sentrum kan underhalda i fleire dagar. Koselege kafear og eit shoppingmiljø utan stress, bidreg til dette. Bryne har alle butikkane du treng, om ein ser bort i frå HogM og Platekompaniet. Treng ein likevel ein pust i bakken, er Sandtangen ei god grøn lunge å ty til. Men pass opp for Frøylandsvatnet; det ser flott ut, men er ikkje eit badevatn.

Det er element utanfor sentrum som burde virka vel så tiltrekkande for turistane som det eg til no har nemnt. Jærlandskapet gjev den fjellkjære nordmann eit smak av livet på kontinentet. Ein kan leggja ut på sykkeltur utan fare for å møta på plagsame oppoverbakkar.

Strendene er alltid like vakre. Om sommaren ligg lettkledde jærbuar strødde utover den heite sanden. For dei som liker å kasta alle kleda, så er nordre delen av Orre-stranda open for nudisme. Skulle sommarvarmen mot alle odds glimra med sitt fråvær, er strendene ideelle for turar i møte med vinden og havet. Eller kva med ein vakker solnedgang?

Jærlandskapet innbyr til vandring og refleksjon. Dette er Garborg sitt landskap, og biletkunstnarar landet over har latt seg inspirera av det særeigne lyset. Men hugs å sjå ned når du går, det ligg ofte ei kukake på lur midt på stien.

Eg kunne ha skrive mykje meir om Bryne, men dette skulle vel vera tilstrekkeleg freistande. Velkomen!

Kommentarer

Ragnhild sa…
AMEN!!

Nå gler eg meg meir enn før (om mogleg) til å kome heim til Bryne. Gler meg spesielt til heisekranane og Fritzern. Det er ein overmåte god plass:)

Må innrømma at eg aldri har høyrt om Livsglededøgnet. Har eg gått glipp av noko?