Visdom og dårskap

Har lese litt i Jobs bok. Fekk lyst til å filosofera bittelitt over spørsmålet:

Visdomen, kvar er han å finna?

I mørkret.
Bakteppet som gjer lyset skarpare.

I mangfaldet.
Kaoset som let dei lange linjene bli tydeleg teikna.

I hastverket.
For å kunne konstatera at noko likevel er konstant.

(forakter skrivinga mi for tida. så difor skriv eg lite. har ingenting å koma med. skrivekjensla går opp og ned. ingen grunn til å fortelja meg ”men kristine, du kan jo skriva!”, eg kjem ikkje til å klara å ta det inn uansett)

Kommentarer

PerMS sa…
Hei Frk. K
Her på Jæren luktar det hevd for tida, og maimånaden nærmar seg. Utanfor vindauga mine heng fire snorer med nyvaska klede. På 17. mai skal landlukta fram igjen frå kleskapa.
Så skal Bryne U gå med ei fin flagrande fane der det står "Visdom er lett å bera". Eit høgdepunkt, uansett vær.
Høgst relevant, dette, tenkjer eg. Og sikkert til stor hjlp for en forfattar i krise.
Ha ein god, lys vår og eit riktig mørkt bakteppe.
Fru K sa…
takk :-)
saknar den lukta

sit med eksamensnervene i spenn.Gud, gje meg styrke!

sommarferie 8. mai.

visdom er lett å bera.

jussen er tung.