Idioten

Magen knyter seg, dansar til søndagsblues. Vil ikkje ha morgondagen.


Eg veit jo kva eg vil her i livet.

Læra å elska.

Søka visdom

Fred

Glede

Kunnskap
Og Kreativitet.

Å elska lærer eg ved å vera saman med menneske og Gud. Visdom søker eg i stilla. Fred kom Jesus med. Gladare vert eg om eg takkar. Kunnskap og kreativitet plukkar eg opp der eg finn det.

Og likevel. Let eg tanken på eksamen veksa seg til ein kvelande uro. Parallelt med denne, får den ukjende og potensielt karrierefloppande framtida meg til å skjelva. For kva om eg vert gjeldsslave, kva om eg aldri får meg mann og barn og kva om eg ikkje vert nokon ting, kva om eg forsvinn, kva om… (det er lov å le)

Fokuset mitt vert vendt innover. Det er berre eg som fyller verda mi. Dette prosjektet ber inga god frukt. Eg vil ikkje leva for meg sjølv.

Gud. Vær så snill. Fri meg frå dette patetiske klisteret. Fridom vil eg ha. Fridom gjev du. Hendene mine skjelv når eg tek i mot. Hjelp meg så eg ikkje søler bort det du sender meg. Eg vil så gjerne ha!

Kommentarer

MaritSyux sa…
*klemmepå*