Nyansert blues

”Møteshopparblues” kan gjeva folk inntrykk av at eg er utelukkande negativ til kristent fellesskap. Det er ikkje sant.

Saron
Påskemåltid med huskjerka mi. Nattverd rundt bordet. Menneske som ønskjer å ta Guds Ord på alvor. Det er godt å få lov til å sjå det heile på avstand, for då ser eg verkeleg kor verdefullt og vakkert fellesskapet er. Sjølvsagd er det ikkje perfekt, det er det heller ingen som prøver å overbevisa meg om. Men det er unikt, og eg er takknemleg for at eg får lov til å vera ein del av det.

Eg gler meg til å bli ferdig med studia, flytta heim og vera ein del av dette resten av livet. Tanken skremmer meg ikkje lenger. Men det er klart, vil Gud ha meg ein annan stad, så gjev eg slepp på Bryne.

På ei gudsteneste bestemte eg meg for å skjerpa meg, eg ville verkeleg prøva å la lovprisinga mi passa inn i formene, og eg ønska å ta i mot det som vart sagt.

Plutseleg var vinden og bølgjene i hovudet mitt. Mi lovprising. Han sa at det var greitt at eg ikkje klarte å engasjera hjarta mitt i lovsongen. Han skapte hjarta mitt, og Han kjenner det som er der inne. Eg får vel slappa av då, og la Gud forma meg. Så lenge det er det som skjer, trenger eg ikkje pressa meg til å bli noko anna. Det er fint. Fri.


Storsalen
Av plikt deltok eg på gudsteneste. Utan håp om å møta Gud, uklok av erfaring.

Det kvilte noko ubeskriveleg over møtet. Sjølv om rammene var heller tradisjonelle, så gav dei rom for Ånd.

Gud kviskra ting til meg. Om sakn, om lengt, desse omgrepa som betyr så mykje for meg. Han sa at Han var der. Hadde eg gløymt det? At Han er levande. Han vaska meg innvendig.

Det var barn, unge, vaksne og gamle på gudstenesta. Ei eldre bønekvinne gjorde sterkt inntrykk på meg.

Eg er van med ungdommelege forsamlingar. I bedehusbeltet har me gjort opprør mot den eldre garde. Det var utan tvil naudsynt å ta oppgjer med dei konservative, stivna normene. Men eg er redd me har kasta ut verdifulle ting saman med dei døde formene.

Kvar er dei gamle bønekvinnene som har kjempa ein stille kamp gjennom eit langt liv? Kvar er dei som kan trøysta oss når me ikkje forstår livet, eller når ungt overmot tek oss i feil retning? Det er trist at familien er så splitta. Kvifor er avstanden så stor?

Kommentarer