Mentale musklar

Lasteregisteret til kvinna i gata: Sigarettane, kaloriane, latskapstimane, den rosa snusboksen, ordbruken, det ubrukte treningsmedlemsskapet, koffeininntaket, pengebruken, neglebitinga

Lista veks seg fin og feit. Medan eigaren ventar. litt. på

M O T I V A S J O N

den magiske ingrediens ho ikkje har, men som det lova land med mjølk og honning, så vil han koma, strålande i soloppgang, og gjera henne akkurat passe passiv og aktiv, utan at ei einaste salt dråpe trenger seg ut gjennom porene

passiv med snusen og sigarettane
aktiv med treningskortet

ein dag.

i grava vert ho meir passiv
men ikkje mykje meir aktiv

kva med

I DAG

hm?

Dette forslaget ler ho bortbort, ho rotar i skuffa for å finna fram M O T I V A S J O N S – garantien ho fekk då ho vart fødd

Ho kastar hanskar og sjal på golvet, men finn han ikkje

Fienden i morgon er den same som i dag.

Ho snur seg mot spegelen og refleksjonen kviskrar

Det er deg min kjære
Gå pump litt jern, slå deg ned
og opp


(gratulerer med vel overstått 8. mars)

Kommentarer