Samtid

Ein amerikansk kunstnar har sin eigen stab. I staben hans er det ein mann som har til oppgåve å gå med sko. Kunstnaren vil at skoen skal bli perfekt slitt. Deretter plasserer han skoen på ein hårete mannelegg som han har laga. Leggen let han koma ut det som truleg skal førestilla underlivet til ei kvinne.

Kunstnaren har laga ein voksfigur av J.F. Kennedy og lagt han i ei kiste. Ein vakt på Astrup Fearnley museet, fortel oss at kunstverket vart laga i 2004. Seier det oss noko? Eg vrir hjernen. 2004 seier meg ingenting.

Bush vart attvald, forklarer den koselege museumsmannen med firkanta briller. Aha? Tenkjer eg. – Kunstnaren ønska å peika på at USA ein gong hadde ein populær president og at nasjonen var godt lika i verda. Det er i alle fall det eg tolkar kunstverket til, seier mannen. Eg skulle ønska eg kunne like mykje som mannen, for han har mykje større glede av utstillinga enn meg.

Samtidskunst kan rett nok få meg til å smila. Eksempelet i dag, var ein kjøkkenbenk i full størrelse og ein støvsugar. Heile kjøkkenet var strikka av garn, og støvsugaren var laga av tekstil.

Dagens favoritt: Eit stort kvadrat av parkett. I kantane var det utskore små tre. Naturen er nærare enn me trur, oppfatta eg.

Samtidskunst gjev meg ofte vondt i hovudet. Dei ubehagelege lydane. Groteske bilete. Uforståelege kombinasjonar. Sære filmklipp.

Det er visstnok viktig å sjå dei kontekstuelle rammene kring kunstverka. Observasjonar i samtida. Er dei uttrykt på eit språk eg som samtidig burde kunne forstå?

Er dette ei treffande framstilling av tida mi? Eg håper ikkje det, for det som vert uttrykt treff meg som framandkjensle, frykt, kaos. Ei overveldande kjensle av at kunstnarane vidareformidlar ei tom, overfylt verd.

Kommentarer

PerMS sa…
Samfunnet vårt er fullt av store paradoks og absurd åtferd som me nesten ikkje reagerer på. Me lever i det. Kollektiv sjølvskading i form av overdrive forbruk, eting, reising, shopping, bilkøyring.... Av og til er samtidskunsten den tydelegaste stemma: Sjå etter: Er dette kva du trur det er? Er DU den du trur du er? Likar du ikkje det su ser?
Kunst kan vera urovekkjande, ja, - men kor kjem uroen frå? Eg likar å kjena att meg sjølv i dei og det eg møter. Ein spegel på godt og vondt.
Fru K sa…
Nja og tja. Eg veit ikkje heilt om eg kan kjenna meg att i så mykje av det eg møter, eller vel, kunsten er eit speglbilete av kulturen som eg er ein del av, så uroen er vel slikt sett ein del av meg. ein uro som får meg til å melda meg ut av dei negative sidene av kulturen, skaper reaksjon?