Nytt, gamalt land

Kammerorkesteret rører seg som ein organisme. Sjølv om to fiolinar spelar det same, så er det ikkje lyden av to fiolinar, det er lyden av ein musikk. Fyrste stykke er ”Suite frå Le Bourgeois Gentilhomme” av Jean Baptiste Lully. Suiten vart laga for å vera morosam. Solkongen ville det slik.

Nokon manglar.

Konsertkonsentrasjonen min er for dårleg. Eg klarer ikkje lytta. Tankane glir bort. Eg må øva opp kondisen. Mannen ved sida av meg tygger tyggegummi. Lyden overdøyver orkesteret. Eg vert irritert. Eg øydelegg for meg sjølv og tenkjer tankar Jesus ikkje ville ha tenkt. Etter pausen bytter eg plass med Anna. Han hadde visst kvitta seg med tyggien.

Helten på flygel kjem til det andre stykke. Leif Ove Andsnes. Mozart sin 23. klaverkonsert. Musikken er i mannen. Når han ikkje let fingrane gli over tangentane i ufatteleg tempo og pinleg presisjon, går han opp i halvvegs ståande posisjon og bruker hendene til å dirigera orkesteret. Musikken strøymer framleis gjennom hendene, sjølv om lydbølgjene ikkje kjem frå flygelet.

Eg sit på balkong og må anstrenga meg for å sjå dei små musikarane. Konsertar er rett nok ikkje fyrst og fremst ei visuell oppleving, det er eg fullt klar over. Men musikken er i kroppane deira før han kjem ut i lufta, det fascinerer meg. Alle dei kvinnelege musikarane ser så vakre ut. Generaliseringa her kan vera bygd på i realitetar, eller det faktum at eg sat så langt i frå scenen at det uperfekte ikkje var synleg. Instrumenta gjer skikkelsane ranke, stolte, grasiøse.

Eg er redd for å sovna om eg lukkar auga for å lytta.

Vakkert. Fantastisk. Men.

Eg trur rett og slett ikkje Mozart er mi greie. Det er meisterleg, tonane kjem i perfekt rekkjefølgje. Likevel skjer det ingenting inne i meg.

Det var annleis då eg høyre Kjempeviseslåtten av Sæverud og Grieg sin a-mollskonsert. Etter dette spelte eg luftpiano i bussen i ein halv time, før eg sprang til næraste piano for å spela ut eksplosjonane mine. Eg veit ikkje kva dei har som ikkje Mozart har. Dramatikk? Vert Mozart for sentraleuropeisk? Teorien er at eg vert rørt av norsk og russisk, klassisk musikk frå dei kalde landa. Men teorien har eit veldig tynt empirisk grunnlag å støtta seg på.

Klassisk musikk er ein av dei tinga eg kan lite om som eg vil kunna meir om. Det er verdt å bruka tida si på å oppdaga musikk som har halde populariteten i fleire hundre år.

Kommentarer

PerMS sa…
...... som t.d. Vikingarna og Ole Ivars.
Prøv Gesualdo. Kontroversiell samtidskunstnar frå 1500-talet. Han har vore UPOPULÆR i mange hundre år. Eit kvailtetsstempel.
(Kva var det eigentlieg du tenkte om han mannen med tyggisen? Jesus visste vel knapt kva tyggis var for noko, så han kan jo ha lurt på om mannen var sjuk og trong hjelp. Kva veit me?)