Eg set meg ned i mørkret ditt.

I går høyrde eg at du lo.

I dag fortel du meg at det ikkje var hjarta ditt som lo, det var berre fingrane som prøvde å fiksa noko. – Dette er den fulle og heile sanning, seier du.

Eg ser at der er lyst rundt deg. Du ville tru at eg laug om eg delte observasjonen med deg. Auga dine registrerer ikkje solskin, berre vage glimt av månestrålar.

Du seier: Eg hatar orda som kjem ut av munnen, dei veg for lite. Eg vil skriva orda i huda, kan hende dei då vert tunge nok.

Eg kjenner kor godt det er å sitta her med deg. Eg forsvinn frå alt mitt og vert ståande i alt ditt. Då tanken slår meg, ser eg at eg er den store egoist som du urettmessig kronar altruist.

Eg vil dra deg med meg opp i sollyset, men handledda dine kan ikkje tåla vekta av sjela di. Du har grodd så ulideleg fast.

Du pustar i det tome rommet ditt. Eg ser at det er fullt av menneske der inne, men likevel er du aleine.

Eg vil at du skal helsa på venen min, Frelsaren. Men eg veit at du trur at han ville prøva å tvinga deg til å vera glad heile tida. Du orkar ikkje det.

Men du kjenner då meg? Eg er då ikkje kronisk glad? Ser du ikkje at eg slit, at Jesus ikkje er ei lykkepille? Han er i livet. I smerta. Han riv henne ikkje frå meg før ho er lega. Eg skulle ønskja eg kunne seia alt dette, men det er ikkje rom for det i stilla di. Så eg ber.

Du vil ikkje la fleire ord renna ut av deg i dag. Eg ser bileta som heng på veggen din, og dei talar eit språk som er meir avslørande enn du trur. Me er så stille saman og eg vert desperat, for det er verkeleg ikkje noko anna eg kan gjera.

Kommentarer

nydelig og fint skreve!
Anonym sa…
Kvar setning her er til å miste pusten av. Utruleg flott skrive.
Fru K sa…
takk!

tekst kom når eg stod i dusjen. måtte skyndta meg å bli ferdig for å få la han renna ut av fingrane mine. det er så rart når slikt skjer.