Møteshopparblues

I teorien fortener kvar einaste søndag ein tekst, desse planlause dagane med rom for det eg elskar: Kvile, kunst, kreativitet, litteratur, natur.

Men ingenting er perfekt. Søndagen inneheld eit element eg ikkje elskar: Møte/gudsteneste - deltaking.

Oslo er full av lekre kristne forsamlingar, men eg vasar framleis rundt i eit uforpliktande møteshopparunivers. Eg har ingen rett til å sutra over manglande inkludering, det er min eigen skyld at eg framleis flaksar utan mål og meining.

Det er utruleg kor kjedeleg eg tykkjer det er å vera på møte eller gudsteneste eller kva enn dei vel å kalla det. Lovsong: Tralala (eg har eit lovsongsproblem). Tale: Blablabla. Tankane mine flyg i aust og vest, dei klarer ikkje å sitta stille med meg i benkeraden.

(Det einaste som er fantastisk er nattverda, konkret og magisk. Då høyrer eg i det minste til der, i den svære samanhengen.)

Med dette utgangspunktet er det svært lite freistande å gå inn for å bli ein del av eit miljø.

Kva er dette for ei negativ holdning du viser fram til lesarane?

Ingen kan vera sunn kristen aleine. (kan hende ein regel som alle andre reglar, han har unntak, men eg er nok ikkje unntaket, eg har heller ikkje møtt andre unntak)

Til alt hell har eg den teleologiske huskjerka i leilegheita. Me er fire stykk, eller seks om ein reknar med Jesus og den Heilage Ande. Det er fint. Men det er vel ikkje nok, er det? (eg får vel ransaka hjarta og nyrene mine for å finna eit svar. hadde vore artig om Gud let meg finna ein større plass å vera heime. men eg tvilar på meg sjølv. store plasser er så…. store. og masete. eg orkar ikkje kjempa meg inn.)

Kommentarer

PerMS sa…
Hei igjen frkKS
Deler veldig dine tanker om søndager, blablabla, tralala og ikke minst om nattverd, det eneste jeg evt. går i kirken for. Smaken av altervin tar jeg med meg ut i gata, der den får blande seg med luktene av liv. "Møter" har alltid gitt meg frysninger. Prestepreik er tunge saker. Enighetsliv gir meg samme opplevelsen som 52 mariekjeks (savnet du M-en?). Jeg vet også at dette er feil følt, men sånn er det. HAN vet...
Jeg stusser litt ved begrepet "sunn kristen". (...i motsetning til hva?) Kan du ikke bare drikke tran og fortsette å springe i trappene? God mandag. p
Fru K sa…
eg burde vel svara på "sunn kristen" spørsmålet. eg trur kanskje ikkje tran er nok. men er elles ganske usikker.

det er i alle fall lettare å vera sunn (levande, veksande osb.) om ein heng fast på treet eller kroppen (alt etter kva for ein metafor ein vel å bruka på seg sjølv. grein eller kroppsdel)
PerMS sa…
ja,ja.. Livet er fullt av herlege metaforar.