Å kasta seg ut i uvissa

I haust spurte eg Gud om Han ville at eg skulle gjeva slepp på tryggleiken. Eg kunne ikkje sjå at eg kom til å gjera det.

No skal eg gjera det.

Lengta mi og draumane mine vart for høgrøysta. Eg må gå den diffuse vegen dei peikar ut.

No veit eg ingenting om framtida. Kva om eg ender opp som… Ingenting? Frykta er der, men freden har invadert meg. Det er rett å ta denne avgjerda. Eg berre veit det.

På film går det som regel bra med dei som velgjer å lytta til hjarta sitt. (farvel! kjære tryggleik og fornuft, eg elskar dykk høgt)

Kommentarer

PerMS sa…
Lykke til.
Anonym sa…
Velkommen att
Fru K sa…
takk, ville den normale høflige person seia.

takk, seier eg òg.