Dualisme om morgonen

Eg vaknar og tenkjer at det er rart at eg heng saman med alt det vevet, feittet, beinet osb. som utgjer kroppen min. Og så blir eg tvungen vidare til konklusjonen: Eg ER alt dette.

Sjølv om har hatt fått alt for lite svevn denne søndagsmorgonen, får eg intenst lyst til å røra på meg. På med joggeskorne for å springa opp og ned trappene i blokka.

Musklane i beina skjelv. Sveitte.

Det er forferdeleg fascinerande korleis dette overkompliserte maskineriet snurrar utanfor min kontroll. Det er ikkje fordi eg er flink at levra mi fungerer.

Det kan vera freistande å framstilla meg som ei vakker, fri sjel som kan gjera alt om eg berre vågar. Kvifor kan eg ikkje fly?

Fly av garde frå alt som festar meg til tid og rom. Ut i perfekt, kunstnarisk einsemd. Perfekt tomrom.

Innanfor kroppen sine rammer vert eg svak og sliten. Til tider får eg lyst til å senda han til reklamasjon på grunn av vesentlege manglar sett opp mot diverse ideal.

Men det er greitt å kunna få ein klem. Det er kjempefint å dansa og sparka karatespark. Fantastisk å setta seg ned og vita at det er her eg er, ingen andre stader i universet. Og kva om eg aldri vart så svak at andre kunne få visa at dei er glade i meg? Utan armar kan eg heller ikkje løfta andre opp.

Kroppen er meir enn eit avgrensande framkomstmiddel.

Kropp er topp.


(Gud skapte ikkje sjelar. Han skapte menneske.)

Kommentarer

Ragnhild sa…
JA! Kropp er topp!! Men eg har veldig lyst å sveva ein gong iblant... Men å leva utan å klemma er jo utenkjeleg. Så det er verdt det!