Løp og lån!

Eg har to mursteinar i livet mitt, lovsamlinga og Bibelen. Difor kjenner eg ikkje lysta til å lesa Krig og Fred nett no. Eg vil har bøker gjev meg noko å tenkja på. Mummibøkene er eit eksempel på leseverdig barnelitteratur. Denne bloggeposten dedikerer eg til ei anna form for lettlest og meiningsfylt litteratur.

I staden for å forsøka å nyta stadig meir utilgjengeleg poesi, har eg latt meg fascinera av ei ny verd: Teikneseriar. Eg har ikkje lest så mykje, men vil anbefala stort sett det eg har vore borte i:

- Jason: Om liv og død, zombiar, kjærleik osb. Perfekt for den som er lei av bokstavar. Mellom rutene er det stille, men bøkene er likevel fulle av action. Litt sært, så eg garanterer ikkje at alle blir like begeistra som meg.

- Fakta fra Verden av Karstein Volle: Samfunnskritiske striper. Av og til lo eg høgt (det var ikkje gapskratting, men når ein les aleine, er ein kvar latter høg). Kvifor trur eg på alt det eg høyrer? er det sunne spørsmålet eg vert sittande att med etter å ha lese samlinga ”Med hånden på hjertet”.

- Buddha av Osamu Tezuka: Ein teikneserieroman laga av ”gudfaren” (det var det uttrykket som var brukt på baksida av boka) til Manga (populær japansk teikneserieform). Eg har aldri lese 400 sider så fort. Spanande. Morosamt. Det tragiske er: Eg har ikkje tilgang på bok nummer to (eller 3 -8)! Bind ein (Kapilavatstu) handlar om ting som skjer før og rett etter Buddha sin fødsel. Eg veit ikkje kor nær teikneserien står buddhistiske tekstkjelder.

- Persepolis av Marjane Satrapi: Sjølvbiografisk teikneserieroman. Gjev innblikk i Iran si historie og ei levande skildring av korleis det er å forlata heimlandet aleine. Morosam og kjempeseriøs.

- Pyongyang – a journey in North Korea av Guy Delisle: Ei forteljing om kor absurd det er å vera i Nord Korea som utlending. Alle har godt av å sjå kor merkeleg menneska kan styra kvarandre. Kvifor ikkje gjera det på den lette og underhaldande måten?

Det var det, god tur til biblioteket! Eg er ny i jungelen, og mottek tips med takk.

(Er forresten ikkje sikkert biblioteket har godt nok utval. I så tilfelle kan du stola på Tronsmo.)

Kommentarer

EirikE sa…
Jason er fantastisk!
Les "Vent litt" vist du ikke alleredehar gjort det. Konge bok av Jason.
Fru K sa…
har lese den boka :) finfin.