Kjøping

Ingebrigt Steen Jensen hadde ein interessant artikkel på trykk i Vårt Land i dag. Han meinte at ordet ”shopping” burde bytast ut med ”kjøping”. Der er mange grunner til at eg er einig i dette. Dei skal eg ikkje gå inn på. Tenk sjølv.

Eg mislikar kjøpesenter. Alt for mange ting. Alt for mange menneske som vil ha alt for mange ting. Men eg har like fullt mine kjøpte svin på skogen

Ofte rettferdiggjer eg at eg kjøper ting på følgjande måtar:

- Støtt gjenbruk – Støtt sjølvstendige kunstnarar – Støtt fairtrade – Støtt ei søt dame som har starta butikk på eigenhand – I dag er det synd på meg.

Eg liker ikkje så mange butikkar. Her er nokon av dei eg liker: (dette er ikkje skjult reklame, den er openlys)

- Tronsmo
- Platekompaniet
- Uff
- Fretex

Det er vanskeleg å vita kva som er rett. Eg treng nokon ting. Andre ting er ikkje naudsynte. For mange ting vert rot. Rot stressar meg. Eg bruker for mykje av jorda sine ressursar. Forbruket forureinar. Handel gjev arbeidsplassar. Ting kan gjera meg glad.

(apen min betyr svært mykje for meg. ein kan påstå at han er ein ting. for meg er han ein ven som alltid vil ha ein klem og som smiler underfundig til meg fordi han veit så mykje. no ligg han i oslo, eg er på bryne. silje passar på han. takk.)

Desse momenta må eg vega opp mot kvarandre. Eg kan ikkje foreta ei omfattande drøfting kvar gong eg er i ein butikk. Eg kan heller ikkje gå etter magekjensla, for den er sannsynligvis manipulert av reklame.

Det er ikkje lett å vera forbrukar. Heldigvis har me lov om forbrukarkjøp. Den skal verna oss mot lureri frå seljar. Men den verner oss ikkje mot oss sjølve.

(kommentar til teksten: ustrukturert. du skifter stadig tone. innleiinga vert hengande i lause lufta. du har interessante tankar, men dei mister mykje gjennom måten du formidlar dei på. dette er i høgda ein C. har du ambisjonar om toppkarakter, bør du ta deg betre tid, lesa oppgåva skikkeleg og sjå over teksten før du publiserer han. NB: tenk på lesaren når du skriv.)

Kommentarer

Anonym sa…
Hei
Ikkje for å forstyrre den hårfine balansen mellom god og dårlig samvittighet.... men jeg trodde UFF var skikkelig nei-mat og ettertrykkelig avslørt som svindel. Koblingen til Tvind-sekten og den totalitære leder var tema for et dokumentarprogram på TV for noen år siden. Så ikke helt bra ut: En lukket new-age-sekt med en søkkrik, svindeldømt og bakmann og slikt.... Fæle gerier. Ikke helt Fretex, altså.
God jul på Bryne.
Fru K sa…
nei? tuller du? den butikken som har så fantastisk fine klær... den rosa kjolen eg er så glad i. hUFFda.

god jul på Bryne til deg og. eg har vore her i ei veka no, lurer på om det har slutta å blåsa å regna her? forstår lite.
PerMS sa…
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
PerMS sa…
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
PerMS sa…
Det er jo ikkje den rosa kjolen sin feil. Kos deg med den.
Eg blogga Tronsmo. Hadde ikkje høyrt om Tronsmo ein gong, eg, veit du. Der skal eg neste gong er i Tiggerstaden.
Vinden trur eg dei skrudde av for å spara straum. Al Gore, veit du. Så har vel nokon funne ut at me kan klara oss utan nokra dagar til. Men bare vent. Julestemninga kjem snart feiande over bare kjelver eller plaskande mot sørvende stoveglas ...
God jul igjen
(Sletta kommentar to gonger og la ut igjen grunna pinleg skrivefeil)