I ein tom gang

”Min fred gjev eg deg. Ikkje den fred som verda gjev.”

”Eg veit kva tankar eg har for deg”

”Uroa deg ikkje for morgondagen. Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal du få alt det andre i tillegg” kviskrer Han.

Lengt. Riv og slit i meg. Fyller meg. Driv meg. Gjer meg til eit søkande vesen. Eg las C.S. Lewis sin definisjon på ”joy”. Det er det lengta mi er. Joy.

I staden for å søka Han som har gjeve meg lengta mi, spring eg ut i livet for å prøva å finna det eg må ha. Eg trur eg går feil veg, men eg kjenner ikkje den rette, og gå, det må eg gjera. Eg må og bør få ting til. Vil alt for mykje. Eg lurer på kvar det heile kjem til å enda, eg går på tomgang. Vil helst stoppa.

Denne sjølvinnsikta er ingenting verdt, for eg gjer ingenting med henne. Kva er dette ”Eg må?”

Gud må gripa inn. Helst no. Men kjenner eg Han rett, har Han tenkt å venta ei stund til. Han har høgare tankar enn meg.

(Eg var veldig usikker på om dette høyrer til på bloggen. På ein måte er det nokså personleg. På ein annan er det ganske generelt.)

Kommentarer

PerMS sa…
Hei.Eg les og forstår sikkert bare litt (og bør difor kanskje ikkje kommentera. Slett i veg..)

Ja, teksten gjeld nok også andre med tendens til sjølvsinnsikt.
Men er det ein sky av skam eg ser? Eller sorg?Dårleg samvit for å vera til stades i eit menneskeliv? Sorg over at Gud har så god tid?
Det er ingen skam å gå,.. vidare, med sjøvinnsikta som eit litt fillete kart på innerlomma. Trur eg.

Noko heilt anna: Kjenner du NO att juleveret på Jæren?
Fru K sa…
eg kjenner att juleveret :) har til og med blitt forkjøla, då er alt som det pleier når eg er på heimebesøk.

sorg over at Gud har så god tid? kanskje. eg veit at det er menneskeleg å vera utålmodig. eg trur eg er i ferd med å læra å stola på han. det tek tid. eg er så alt for glad i kontroll, tryggleik og fornuft.

skam og dårleg samvit? nei. sjølv om eg trur eg har fulgt feil motiv, så klandrer eg meg ikkje for det. eg har valgt fornuftig, men kan hende ikkje rett. eg trur eg er nærare ei retning, og det er så enkelt som så: å følgja dei gåvene og den gløden eg har.
PerMS sa…
Ja! Har bare sett så mange bli skuffa av at "avdukinga" tar heile livet, og at vegen fram går steg for steg, - og plagar seg sjølv med det. Det er fælt mykje snakk om totale forandringar, utskiftingar og revolusjonar i mange miljø. Mykje verbalt kjekkaseri.
Gåver og glød... to gode ord som tar meg attende til stallen. Godt nytt år. P