Dufta av kaffi om morgonen

Så fine kan ting vera.
Kaffien startar kroppen. Morgonbladet ligg framføre meg.

(eg erkjenner at eg sit i ei vestvend boblevogn. alt anna er uverkeleg. dette er endå ei introvert skriveøving for
utskjemde verdsborgarar utan anna å uroa seg for
enn si eiga skugge)

Gje slepp.
Alt kan, i eit oppslukande augneblink av gongen,
Vera godt.
Høyrer du mørkret kviskra bak gardinene?
Ikkje lytt.
Det er lov å halda skuggen på armlengds avstand.
Du treng ikkje alltid sjå deg over skuldra når sola står opp.
Det er lov å kvila i

Gud er god.

Kommentarer

Anonym sa…
Hei Kristine
Det var reint for gale at du ikkje skulle få kommentar på dett innlegget / utlegget. Me sitt i ein vestvendt boble nokon og ein kvar. Det er jo ein slags norsk folkesport det her; kor mange får vi inn i bobla? - og så havna i Guinness rekordbok. NOKO skal jo me nordmenn hugsast for.
Elles: Lukke til med alt. (og det er ikkje lite, har eg forstått)
Fru K sa…
Takk for kommentar, det gjer så godt for motivasjonen :)eg skal snart skriva noko nytt. venter på inspirasjonen. kvar er han? i bobla sitt bagasjerom?