regnbogeguten


Han flyg gjennom byen med malarkosten sin. Bak han jagar skyhundar og tåkekattar, borne av vinden. Regnbogeguten reiser fortare, det er ljoset som driv han. Forfølgjarane fortærer farge, ikkje for å få næring, men for å øydeleggja.

Han veit at alt blir borte. Han stoggar ikkje for å sørgja.

Det halve mikrosekundet kunstverket er synleg, vert det spegla i eit par auge. Folk flest fortel henne at alt er grått, men ho ser sanninga gjennom fargesensitive briller.

Den dagen guten flyg inn i ein skyskrapar, gret ho over det fargerike, usynlege liket. I sorg og sinne skyt ho dei grå beista med såpebobler.

Kommentarer

Anonym sa…
Konge. du æ gudde te å skriva, men æg fårstoche d så sto.
Fru K sa…
forstårche alt eg heller. det var berre eit bilete så kom ut av fingrane mine. bilete forstår ein ikkje alltid.
PerMS sa…
Hald fram regnbogegut (eller jente?). Flerie mikrosekund, takk.
Silje sa…
Meir av biletekunsten Kristine.. Du må laga ei bok med illustrasjonar i. Eg ser suksé.. :) Søt.