Ein heim for oss


711 er ein god plass å vera.

Me ler oss skakke med brunostsnus under leppa. Lager kunst av tyggegummiklattar. Julekrybbe i marsipan. Me diskuterer oss fram til kvifor me berre MÅ gå på Platekompaniet i staden for å lesa pensum (forhindrar haustdepresjonar, me treng frisk luft, kulturoppleving osb.) og ser på BarneTV (alt var mykje betre før, kva skjedde med ”Flukta frå Dyreskogen”? Det var noko anna enn hyperaktive barn som diskodanser og plager vaksne.) Om me skal få skikkelig kick, så løyser med gangestykke og delestykke på papir. (To av oss blei slått av ein skummel tanke: Kva om me ikkje kan hjelpa barna våre med heimeleksa lenger enn til 5. klasse? Er me verkeleg så dumme?)

Tredukkemodellen har ein raud lampeskjerm på hovudet. På avisutklippveggen er bilete av middelaldrande politikarar, poetar, bade – ender og hårlause kattar. Ved sidan av det omdiskuterte Jesusbiletet, heng Sufjan Stevens som deprimert julenisse. Apekattane til kunstnarSilje heng over sofaen. Dolokket er berre halvparten av kva det ein gong var. Gardiner er eit prosjekt me tek på sikt.

Jammen er det tre unike jenter eg bur med. Psykogstudina, misjonær/kunstnarspira og songarinna. (dei er mykje meir enn dette, dei er ville og gale, til tider heilt irrasjonelle, å! så glad eg er i dei!)

Ord strekk ikkje til: Kom innom og sjå sjølv.

Kommentarer

Aspis sa…
For en gjeng! =) Beit meg merke i Kva om me ikkje kan hjelpa barna våre med heimeleksa lenger enn til 5. klasse?" Det er noko å tenka på ja!
Ragnhild sa…
Eg tenkte meg kanskje ned på platekompaniet akkurat no faktisk. Alle her skal vere flinke studentar, men eg vil heller feire at eg er ferdig med oppgaven min. Og kva kan vel være bedre feiring enn å kjøpe seg Sound of music, reise heim att og se han i senga si?

High on a hill was a lonely goatherd
Lay ee odl lay ee odl lay hee hoo!!

Og eg er glad i deg og, Kristine!!