Vatn

Ein fryktar at vatnet i byen er litt for levande. Emnet for utallige samtalar er satt.
- Har du høyrt at me kanskje må koka vatnet til februar? Eg trur eg flyttar heim!
- Må me koka vatnet til oppvasken? Og kan ein kjøpa kaffi i kantina?

Det er ikkje til å stikka under ein stol at eg sukkar og stønnar og bekymrar meg.

Eg tenkte eg skulle skriva den kjedelege teksten som måtte koma. Om kor heldige me er som er friske og har reint vatn i springen. Om at me tek det for gitt og kan hende me treng denne påminninga.

(Det finnes menneske i verda som har større bekymringar.)

[Bortskjemde Oslobuar har berre godt av det]

Og så er det synd om studentane på juridisk fakultet. Me skal laga demonstrasjonstog. Dei kuttar i eksamenstida og fjernar moglegheita til å få utsett eksamen ved sjukdom. Ingen tvil om at studentrettane vert trakka på.

(Det finnes menneske i verda som ikkje får studera.)

Kommentarer

PerMS sa…
Koka vatnet til februar...Kva skal de drikka i mellomtida? Stakkar dykk. Her i Munmmidalen har me ikkje slike problem.
Kristina sa…
Hei Kristine!! Eg saknar deg! Eg var i Østfold i sist helg, og sjøl om dei sa at det gjekk an å drikka vatne,vart eg paranoid for d, og syntes det smakte skeptisk, hehe, og følte meg litt rar ei stund etterpå, bare fordi eg gjekk og kjende om det var noko forandring.
Det var og jysla kaldt der borte, hekkan! Eg håper du kler deg godt Kristine, go ikkje frys på nasen;)

Vil og informera deg om at eg har kome inn på journalistikk-studiet ved Gold Coast University i Australia, og skal forlate gode gamle Jæren for tre år i slutten av Januar.
Eg likte det du hadde skreve om mummidalen, du er flink:)
Fru K sa…
vatnet i Mummidalen er i ein klasse i seg sjølve vil eg tru.

Gratulerer Kristina! Wow. tre år bortevekk liksom? Jaja, me får finna på noko i jula :-) eg kler meg godt, sit med ulljakke og ullsokker på det rommet mitt. ikkje vits å sløsa bort straumen :-p


no er ekstremtilstanden over. me klarte det visst godt.kven skulle tru...