Søndag

Dette er ein tekst om dagen min i komprimert form. Eit døger er fragmentert. Difor er teksten opphakka.

Mummitrollet
Eg les i Tove Jansson si bok ”Pappan och havet”.

Muminpappa kjenner seg onödig. Han tek familien til eit fyr på ein ö. Der kan han endeleg vera eit familiehoverhovud som fiksar ting og er viktig. Muminmamma let han driva på, for ho vil ikkje at han skal vera melankolsk. I hovudet mitt trekk eg parallellar til det moderne mannsideal og frustrerte mannfolk.

Mårran. På norsk, betre kjent som Hufsa. Ho er kald og einsam. Der er kalde menneske. Einsame menneske som får alt til å frysa rundt seg. Mårran vekkjer sympati hjå meg. Eg vil ikkje at ho skal vera aleine. Eg er ein liten hyklar. Kva gjer eg for menneska som gjer alt kaldt?

Mumindalen er eit fascinerande univers der mange mennesketypar og menneskeproblem vert viste fram. Du finn bøkene på barneavdelinga på biblioteket.

Tankar framprovosert av kunst
Nasjonalgalleriet har fri entré. Eg kjøper to postkort. Livets Dans til meg sjølv og eit anna til ei venninne som snart får det i posten. Håper ho bli glad. Eg liker å gjera folk glade, men det er ikkje alltid så lett å koma på kva ein skal gjera. Elendig forsvarstale, frk. K.

No som eg bur i Oslo, er det mogleg å gå sakte gjennom galleriet, hoppa over fleire rom, og dvela ved maleria som seier meg noko.

Vinternatt i Rondane. Ein klassikar. Eg lengtar meg bort til eit iskaldt, stille landskap. Den kvite krossen på ein av fjelltoppane seier ”Her er Eg, vesle du.”

Oda Krogh sin Japanske lykt. Blått. Bort. Lengt.

Å ja. Eg lengtar. Eg er stadig rastlaus og klar over alt eg ikkje gjer. Men eg gjer alt eg kan. Berre ikkje alt eg kunne. Eg treng ei japansk lykt som brenn bort dei høge forventingane eg har til meg. Eg må stola på at Gud har kontrollen og let meg sjå dørene Han opnar. Stress over det eg ikkje gjer, tek frå meg gleda over det faktisk gjer.

Mann i svart
I det eg går ut, møter eg på ein ung mann med svart hatt, svart frakk, svart bukse, svarte skor og svart, stor paraply. Kan hende han hadde krøller. Eg vert ståande å rota ekstra lenge i veska for å få betre tid til å observera han. Eg får lyst å skriva ein tekst om han. Nett som eg gjorde då eg såg herr F frå ein buss i Bergen.


Nattverd
Gjev oss i dag vårt daglege brød (og vår daglege vin).

Den ultimate kulinariske opplevinga. Ganen jublar over fridomen i lekamen og blodet. Blodet tek opp næringsstoffa: Fred, glede, nåde, håp, einskap, mysterium.

Grensa
Eg tenkjer så mykje. Eg skriv så lite. Ei ekkel kjensle av at mykje renn bort.


I natt drøymde eg at eg skulle til Aran Islands. Bølgjene slår, graset vert grønt og døyr, steingardane går aldri frå jobb, klippane set ein stoppar for vandringa. I draumen kom eg aldri så langt.

Eg vil reisa dit i natt. Møt meg på klippekanten.


Kommentarer

PerMS sa…
Ja!! Ein Mummilesar.. Endeleg. Har kjent Mummitrollet og Tove J si verd sidan eg var liten pjokk. Laurdagshøgtlesing til pannekakene. Mummi, Scott og Hugo. No er eg 45. Har alle bøkene. Hemular, mumler og filifjonker kjenner eg haugevis av, også i dalen der eg bur. Ski-hemular er det verste eg veit. Sjølv er eg nok helst ein mumrik, og tootikiar tiltalar meg veldig. (Eg tenkjer eg er heile hurven, når det kjem til det stykket.)
Fru K sa…
er det verkeleg læraren frå ungdomsskulen? så gøy!

eg har ikkje begge beina planta i Mummidalen enno. skapningane du nemner har eg ikkje djupare kjennskap til enn det eg har fått gjennom barneTV si forenkling. har berre lest den elementære "Kometen kommer" og no altså "Pappan och havet". er greitt å ta nokon karakterer om gongen. gler meg til resten!