Difor er Hufsa

Eg slepp ikkje taket i Hufsa. Eit bilete på mennesket i einsemd.

”Hon satte igångmed sin glädjesång och vaggade fram och tilbaka med flaxande kjolar, hon stampade runt i sanden och visade på alla sätt hon kunde att hon var glad över att han kom”

Kva har skjedd her? Les boka, Pappan och Havet. Eg gler meg over Mummiverda, søkjer tilflukt der når haustmørkret bles inn over byen. Det vakre i bøkene vert ei kvilepute for meg.

Livet er i ferd med å gjera meg til ein større egoist enn eg var.

Men tida! seier eg til mitt forsvar. For eg har vel verkeleg ikkje tid.

Eller, for å omformulera meg nærare sanninga:
Når eg har tid, må eg gjera andre ting. Heilt naudsynte ting, som å bekymra seg for framtida. *

Det einaste eg veit at eg vil med livet mitt, er å elska menneske og Gud.

Det ville ein ikkje ha gjetta om ein hadde observert meg der eg surrar rundt i Oslo.

Men eg har ingenting å gje bort. Alt eg har, treng eg. (egoismens store illusjon.)

Gud er overskot. Han vil at eg skal elska. Eg må til Han.

Lett! Lett? Det er tilsynelatande lettare å stressa rundt som eg gjer no. Paradoks. Løgn.



* Hugsar du kva du lærte deg på ungdomsskulen? Å slappa av i Matteus 6,33 -34. Men no er eg attende der eg starta i åttande klasse. Bra jobba.

Kommentarer