Terningleik

Eg høyrer dei skadefro skyene le. Han lurte meg, den godaste guden, det var det han gjorde.

Eg hugsar at eg sa i valets kval: ”Lat din vilje skje.” Alt var stille den gongen, så eg gjekk den vegen eg hadde starta på. Eg var open for å snu, men møtte aldri ein vegg som stansa meg.

”Du skulle ha teke til venstre ved det tredje krysset”, sa Han til meg då eg var nyutdanna. ”Du skulle eigentleg ha blitt fargerik forfattar, eg ville ha velsigna deg rikeleg. Men du gjekk feil veg, det var leit gitt. No får du finna deg i et liv som grå byråkrat.”


Feil veg! Som om det heile var ein leik med terningar.

Når eg seier: Gud, gjev meg alt du vil!

Så kan den Allmektige gjera det. Då er det ikkje avgjerande om eg er klønete ved eit vegkryss.

Så slapp av vesle meg. Slapp av vesle du.

Han ser det ovanifrå. Alt eg ser er fortid og notid.

Kommentarer

funky_uncle sa…
Skal me starta klubb?
Fru K sa…
Det kan me godt.

Takk for lånet av boka. Likte humoren, alvoret og det lettleste teikneserieformatet. Alle burde lesa Pyongyang.