Pauseprat

Eg gjev meg sjølve ein pause.

Eg ser ”City Lights” på Sankthanshaugen. ”Kan du sjå no?” spør Chaplin. ”Ja, no ser eg”, seier jenta i siste scene.

Eg går på Platekompaniet. Eg drar kortet med godt samvit. Ja! Fordi kultur er viktig. Trådar som flettar meg saman. Trådar som knyt oss til kvarandre.

Inntrykka gjev meg uttrykk. Musikken set saman tonane mine. Augeimpulsar skapar bilete. Ord skapar setningar.

Det viktigaste ein kan læra er å elska og å bli elska. Nature Boy, songen eg gjerne syng i dusjen. Kva skulle vera viktigare? (eksempel på ting som ikkje er viktigare: avtalerett, støvsuging)

No må eg avslutta tekstinga. Dei herlege jentene på 711 har laga middag. I dag er eg 20.

Kommentarer