Draumir

Science of Sleep er ein film eg kan relatera meg til.

I natt drøymde eg at eg skulle lesa teksten min frå Signaler på utgjevingsfesten. Teksten min var heilt ukjend for meg, og plutseleg var det ein song eg ikkje kunne i han.

Natta før drøymde eg at me mista drikkevatnet, at gym – og dramalæraren min frå i fjor prøvde å skjula at han var lei seg fordi dei ti minutta hans i Varg Veum filmen var blitt kutta bort, at eg var i ei blokk som brann og ein baby måtte reddas ut, og at kaninen min hoppa rundt på graset sjølv om eg visste han var daud.

Eg liker å sova uroleg.

Men eg drøymer mest om dagen. I dag såg eg for meg eit langt liv under jærhimmelen. Ei lita skrivehytte ved havet. Eg fantaserte om å ha absurde musikk – og poesi forstillingar som alle med fornufta intakt ikkje ville få noko som helst ut av. Og om å eiga eit stort, svart flygel.

I tekstane mine skriv eg om menneske som vågar å gjera liva sine magiske. Dei er modige på sitt snåle vis. Sjølv følgjer eg etter draumane med museskritt. Eg er ikkje så tøff som Amalie og herr F.

Kva gjer denne sjela på juss? Eg trur ho prøver å halda bakkekontakten. Om ho svevar av garde som ein ballong, er ho redd ho kjem til å sprekka.

Kommentarer

Kontrabass sa…
Eg trur ikkje ho sprekk, men kan hende ho forsvinn ut av syne for oss andre. Temmeleg høgt, men ikkje heilt vekk. Der.
Anonym sa…
Når er den signalerfesten forresten (se det rimte; og det også, men ikke sistnevnte. Jo visst:)???