Antiperfeksjonisme i praksis

Dette er ein openhjarta tekst. Dei som kjenner meg, kjem til å nikka og smila attkjennande.

Eg er over snittet klønete. Eg har til gode å møte nokon som sotler, søler og snofler så mykje som eg gjer. Eg har eit blåmerke på overarmen, eg trur det er frå då eg gjekk på ei dør.

Ein kan ikkje vera ein anonym klønar. (no sølte eg kaffi på meg)

Eg trur ikkje dette er utelukkande negativt.

Mennesket er ikkje perfekt. Men krava til eit perfekt liv, eller til høg grad av meistring, er der likevel. Motstridande moment som gjer det hardt å vera til. (eg trur kaffikoppen lekk)

Når eg sølar, vert eg synleg. Når eg slår hovudet i ei skapdør, høyrer folk det. Når mobilen min fell i golvet, ser dei ned på meg i det eg bøyer meg for å plukka han opp. Når eg held på å tryna på open gate, snur dei forbipasserande seg.

Eg lev ikkje opp til samfunnet sine krav. Eg er ikkje perfekt. (det går opp for meg at det er kaffi på tefatet, og at kaffikoppen ikkje lekk)

Så slapp av. Me er menneske.

Kommentarer

Astri sa…
:)
fantastisk!