Urbaniteten senker seg

Oslo er fint. (nasjonlgalleriet, Tronsmo, universitet og mange små og store ting eg enno ikkje har oppdaga, men eg har fem år på meg)

Oslo er stort (eg er som alltid ganske lita, men det er ganske mange små folk her)

Eg har aldri vunne eit rebusløp før denne veka.

Mykje sosial aktivitet i sosiale miljø som ikkje er mitt vatn om eg er ein fisk. Ein kan læra mykje. Mennesket kan ha det gøy i fleire settingar enn ein i utgangspunktet skulle tru.

Fotoutstillinga med ville dyr på Aker brygge gjev meg klump i halsen.

I morgon skal eg kjøpa ei stor, raud bok.

Eg har spinat, bønner, erter og brokkoli i frysen. Bønner, tunfisk, mais, ananas, pasta, vitamintablettar, kvitlaukstablettar og te i skapet.

Den sosiale aktiviteten har tæra på tankeaktiviteten. Eg kjem sterkare attende.

Kommentarer

Aspis sa…
i frykt for å virka negativ, oslo er jo kje fint. det er grått og blokkete og alle bygg er gamle og like og lysegule utpå. hm, nå burde eg sanneleg seia noko positivt for å linedansa trygt heim. men alt eg kjem på er at eg framleis høyrer sauer frå rommet mitt. bæ.
PerMS sa…
I frykt for å vera positiv... Heldige deg. Å få vera fem år i ein stor by, - der dei store (stygge) husa er fulle av folk. Tjukke slekta alt i hop. Herleg!
Fru K sa…
kanskje du kunne hatt godt av eit opphold i oslo, asbjørn. her er der ikkje sauer på rommet.

hus fulle av folk, ja. det fascinerar. men kvar er dei rette kontaktpunkta?
PerMS sa…
Er ikke så veldig flink med slike sosiale kontaktpunktstrategier. Men med så mange indere, ranere, naturister, xylofonister , - og en konge: Mye kan skje på fem år.
Kris sa…
Wow. Du har linka te sidå mi/eksamensoppgaven min, jo.

Den må eg få oppdatert snart. Det va aldri meiningå at hu sko bli så gammale, men eg har ikkje tilgang te serveren.

Eg bare rota rondt på ulike bloggar, så det va sånn eg havna her. Fine blogg. Kos deg i Oslo.
Kris sa…
Ja, eg kan jo alltids sei KA som va sidå mi. Det va Hyllest til Jæren. Kjekt å sjå at han blir satt pris på.

Sånn. Nå: Ha det fint.
Hilde sa…
Å, Oslo er vakker om seinsommaren! Når lauvet legg seg på bakken og raslar når ein går. Trur eg må ha meg ein tur nedover i løpet av hausten.
Fem år, seier du? Kva skal du studere?
Storbylivet er fint. - Og du veit at du kan kome attende.
Klem og lykke til!
Hilde
Kontrabass sa…
Gratulerer!