Jærbu

Eg har prøvd å tatovera Jæren på innsida av augeokka mine. No let eg att auga:
Eg ser mjuke bakkar dekka av grøn pels. Landjorda bølgjer. Steingardane held marka fast. Ein steingard er eit underverk.

Små bjørker har blitt forma av vinden. Skakke og hardføre.

Eg høyrer Arne Garborg lovprisa naturen vår. Eg ser det mystiske han peiker på i haugane. Jæren pustar. Ingenting står stille i vinden som alltid bles. Lufta trengjer seg inn i meg, reinsar hovudet. Vinden spreier tankane for alle himmelretningar.

Og så det velsigna regnet. Paraplyar er nyttelause. Regnet og vinden har ei samansverjing, dei veit at saman er dei sterkare.

Eg ser stranda. Bølgjene slår seg aldri ferdig. Stranda er aldri lik seg sjølve, men ho er alltid den same. Dei bare føtene mine flytter på sandkorna. Eit eksistensielt prov som forsvinn i neste havinvasjon. Vatn møter himmel møter jord. Alt er her.

Bryne, du vesle by. Du strekk deg høgare, vil så gjerne, lat oss bygga, lat oss bygga oss større, større, stor er bra, stor må vera bra, for alle veit at dei største er størst. Det får så vera med arkitekturen, me har ikkje tid til estetikk. Eit signalbygg! Det må ein ha.

Men traktorane fortsett å råna i storgata di.

Ein gjøglarfamilie ved andedammen. Ein liten sirkushund. Ut og inn til reperasjon. Nokon liker å bryta skulpturen sine skjøre bein. Blikket er framleis fullt av tillit, og dei tre kulene er alltid i balanse.

Skogen. Den grøne katedralen. Vatnet som stig opp mot stien og legg trerøtar under seg. Endene flyt inn på fastlandet.

Himmelen utan grenser. Skyene sloss om plassen med sola. I kampens hete vert ljoset skote i striper mot bakken. Svarte skyer snik seg frå aust mot vest. Ljoset vert rosa, raudt, oransje, lilla. Sola er glødande kule før ho søkk i havet.

Eller den iskalde, klåre blå og stille himmelen.

Eg er jærbu. Skal berre ein tur til Oslo.

Kommentarer

Kontrabass sa…
Rock on! Og gjør du deg ikke forstått, gjør du bare dialekten enda litt breiere. Hardt mot hardt. Lat basunane klinga og trommene syngje. No blir det fest i hovudstaden.
Aspis sa…
Dette var jammen fint - sjølv for ein pro poet som meg! Du og Svein Inge Aarrestad! Anbefaler denne linken til alle Jær-fan, spesielt dialektsida er vilt bra.

"Omatta.... Omattaaaah.... Omatta-dæ-atta du he penga?"

Jæren ftw!
Fru K sa…
æg ska halla fast på dialektå mi med nebb og klør! kanskje du må hålla meg lidevetta ansvarlege på dæ runar, æg he en laie tendens te å knoda. dæ æ fysst å fremst fordæ æg he ei mor mæ ei løyen måde å snakka på, og fordæ at det fins græa bra ord i andre dialekta au.

bra sia, asbjørn. an fortene nesten ein link. pro - poet? eg og svein inge?