Fint

Eg har nett vore i amerikansk bryllaup. Her er nokre av gledesmomenta:

Det er fint at eg aldri har vore med i ei nazistisk gruppe eller har blitt straffa for å gjera ulovlege ting. Flaks var det og at eg ikkje hadde vore i kontakt med husdyr i nær fortid. Eg kunne difor kryssa ”no” på alle punkta på innreiseskjemaet.

Det var fint at dei amerikanske styresmaktene ikkje bestemte seg for å sjekka at eg faktisk sov der eg hadde sagt til dei at eg skulle sova. Eg var misinformert. Eg laug ikkje. Æresord.

Det er godt å veta at amerikanske styresmakter syns eg er vaksen nok til å kjøpa våpen (18-årsgrense). (Alkohol: 21–årsgrense)

Huset til Marty og Christina har kvitt, mjukt veggtilveggteppe.

I USA har dei eldfluger og mange ekorn.

Ein hauk flaug over vegen med ein hare i klørne.

Eg datt ikkje ut or raftingbåten. Det var det berre veldig små jenter som gjorde.

Skoa som nesten tok livet av tærne mine, var ikkje så dyre.

Kjolen eg hadde veldig lyst på, var ikkje passeleg. Der sparte eg ein del pengar.

Silje strålte då ho sa ekteskapsløftet sitt. Ho var utruleg vakker.

Då eg sølte eit glas te utover bordet, ropte eg ikkje ”shit!”.

Bryllaupskaka var ei gulrotkake.

Eg hadde sagt ”I’m not in the mood for dancing”, men så fekk ”HylkjeSexyYo” - songen meg til å overstyra humøret. Eg dansa barføtt og såg på stjernene.

På veg heim fekk eg springa til gaten (kvar er det gode, norske ordet?) både i Washington og Frankfurt. Det var godt med litt trim.

Kommentarer

Anonym sa…
det hørtes gildt ud i usa:) ke hadde skjedd viss du måtte svart yes på nogen av spørsmålå? hehe

Kjersti
Fru K sa…
eg var trøytt då eg fylte ut skjemaet, men eg trur det var ca. dette som stod: "Om du svarar ja på nokon av desse spørsmåla bør du ta kontakt med ambassade (eller noko i den dur). elles kan du bli nekta innreise." kjempefint å få veta det når ein får utdelt skjema på flyet...