Quart07

Musikken tek meg bort og attende.

Blind Archery Club. Sommargrå himmel. Sommarregn. Sommarpop. Små smil. Søt lukt av øl i vinden. Converse, solbriller, unge, eldre, barn. Dei er generelt mildt innstilt.

Timbuktu. Alle ser rare ut når dei dansar i rengponcho. Skoa søkk i gjørma. Sola skin frå scena. Den vesle, glade fyren med smitteeffekt. Det ordnar seg. Klart det gjer.

Minor Majority. Melankoli. Eg er heilt framme, heilt i midten. Det er berre meg her.

Datarock. Raude joggedressar. Rørsle er naudsynt.

Mew. Den vakraste musikken gjev ikkje alltid den beste konsertopplevinga.

The Who. Tilstade i ljos og lyd. Brått er det heile over. Men det var.

50 cent. Put ya motherf* hands i været. Legg alt som er sjølvhøgtideleg på hylla. Eg snur meg og ser inn i eit par smilande auge som har observert liksomhiphoprørslene mine.

The good, the bad and the queen. Steinandlet. Røyken festa i halsen på bassen. Svarte hattar. Og så, som om sola brått tittar på oss, eit smil. Smil borte. Ein song om ein stranda kval.

Knudsen og Ludvigsen. Dum og deilig. Det er det eg er.

(Eg kunne sagt meir om korleis eg meiner det står til med den stakkars festivalen. Men eg vil heller takka Quarten, Preben og Oda for ei god veke.)

Kommentarer

Anonym sa…
Takk for ei kjempefin uke med mange flotte konsertopplevelser og minner. Var kjempekos å ha deg på besøk :D