Tur/retur Oslo

”Det orna sæ. Ikke no’stress. Joggedress.”
sitat Oda

Nattoget. Eg vaknar ofte. Toget lagar lydar som trengjer gjennom øyreproppane. Eg smiler til dei eg ser i augneblinken etter svevnen. Eg trur eg kjenner dei. Ein pleier å kjenna dei ein vaknar med. Det er visst ikkje tilfellet denne gongen. Med den raude tingen for auga, må eg sjå heilt idiot ut. Det får så vera.

Triller kjempekoffert opp ein morgontrøytt Karl Johan. Inn ei ny dør med eigne nøklar. Heime.

IKEA puls. Alt er stort og kvitt og katalogkoseleg. Mirakuløs plassering av tunge esker og madrass i bilen. Oslomotorvegar. På mystisk vis finn me vegen inne i sentrumslabyrinten. Det er sjølvsagd ikkje eg som er bak rattet. Ho er avbalansert i kaoset.

Sommarvarmen legg ekstra vekt til senga når me løftar han med sveitte armar opp ei komplisert trapp. Me vert reine i dusjen, men det varar ikkje lenge før den klamme hinna er attende på huda vår.

Ut å feira i sommarnatta. Pariserhjulet blinkar. Kvitvin og scampi.

Søndag morgon. Frukost i slottsparken like ved rommet mitt. Rommet mitt. Neste økt: Expedit - hylla i flatpakka form. Musklar og verktøy. Me ser fascinert på resultatet. Hylla er ikkje skeiv. Så rart.

Eg trudde ikkje ting skulle gå så bra. Takk til Oda, Elisabeth og Caroline.

Men så. Eg og svevnmangelen min står på Gardermoen. ”Tekniske problem. Bussen går til Stavanger kl. 18.” Ikkje at eg er sentimental. Berre sliten. Difor kjem dei trøytte tårene.

Det var litt oppskrytt det med avgangstida. Klokka 18 blir til klokka 19. Eg les ”Tilværelsens uutholdelige letthet”. Vrir tankane inn i positive banar. Mange timer utan noko på tapetet. Berre herleg introverttid. Det fungerar. Eg vert glad. Sørlendingane held stemninga i bussen oppe. Nordlendingsjåføren vert ikkje stressa av spørsmåla våre. Ein kvardagshelt med eit varmt smil i auga.

Trafikkork. Ja vel.

Ting går sakte. Ting skulle ha gått fort. Ein har tid, fordi ein må ha tid. Me er her fordi me ikkje har kontroll på alt. Det er fint å avsløra illusjonen om det motsette.

Fingrane glinsar av feitt etter mat frå ein bensinstasjon. Eg anar ikkje kvar eg er. Sval kveldsluft. Rosa himmel, lilla rånebil.

Klokka 05 er eg heime i senga mi. No har eg ei seng i Oslo og.

Kommentarer

funky_uncle sa…
Velkomen.
Fru K sa…
takk:) velkomen på ein kopp kaffi/te e.l.
Anonym sa…
Så hyggelig at du kommer til Oslo! :)
Hva skal du gjøre? Studere?

Vil ønske deg velkommen på besøk til funky, lillebror og meg når det måtte passe. Når er du "fastboende"?
Fru K sa…
takk for det, elisabeth! eg er fastbuande frå rundt 15. august. eg skal studera jus. ser fram til å bli oslobuar og få treffa andre oslobuarar :)
Elisabeth sa…
vær så god for hjelpå... :) bare hyggelig å stå opp før 7 ein lørdags måron vett du :) buss heim?!?!
Fru K sa…
kva elles skulle ein gjera kl halv åtte på ein laurdagsmorgon? det var kjempeviktig for meg å ikkje vera aleine nett då. så takk.

buss ja. tekniske problem. fin tur. har aldri fått sett Noreg mellom kristiansand og oslo frå buss før. absolutt ein fin ting det.