Sjølv om eg er knebla

Eg har lenge hatt lyst til å skriva eit eller anna politisk. Eg bryr meg om slikt. Men kvar gong eg prøver, vert det enten for mange rope - og spørjeteikn, eller så finn eg at eg ikkje har nok innsikt til å uttala meg om saka.

Men så laga det seg slik at eg hadde ein draum i natt. Ein draum er som han er.

Eg gjekk arm i arm med ein høg, ljos gut (var det DU som var i draumen min, så vær venleg å ta kontakt, du virka koseleg) i ein daglegvarebutikk. Me møtte ei jente i frå klassa mi. Ho var Frp- entusiast. Eg vart provosert. ” Alle kan ikkje velja seg oppover. Nokon vil tapa. Sjå på USA! Dei har ein tilsvarande ”every man for himself” - mentalitet, og der veks prosentdelen fattige i befolkninga.”

Og så ringde mobilen. Som viste seg å vera vekkarklokka mi. Eg skulle ha sagt så mykje meir.

Eg hadde som målsetning å setja meg inn i Frp sin politikk for å kunna koma med solide motargument. Det har eg ikkje gjort, og difor må eg knebla meg sjølve.

(Kjære, kristne israelsvener. Eg respekterer engasjementet dykkar for jødane. Men vær så snill: Noreg sitt offentlege syn på staten Israel, er ikkje det som bør veia tyngst når ein går til stemmeurna. Ikkje gje bort ei stemme basert på ”Israelvenleg politikk”. Gløym ikkje dei aspekta av partipolitikken som har større konsekvensar.)

Stopp skrivinga, frøken K! Ikkje legg ut om Frp sitt syn på innvandring, kunst, miljøtiltak og eldrepolitikk. Prøv å la være…. Og for all del: Ikkje nemn kor latterleg du synes ”folk flest” -retorikken er!

Kommentarer

Anonym sa…
Hallo, Kristine:

Eg er innom sida di sånn av og til fordi eg synest du er så flink til å skriva. Eg har forresten og alltid hatt problem med "folk flest-retorikken." Du har mange interessante tankar. Ha ein framleis god sommar.