Om pOeSi

Eg prøver å lesa poesi. Fersking.

I byrjinga var det tomt. Og teit. Faktisk. Kvifor setja ord saman på ein så lite logisk måte?

Det tek til å verta vakkert.

Eg jobbar på bibliotek. Så godt som ingen låner poesi.

Det tek tid å verta glad i. Men det er verdt det.

Poesien gjev kjensler, lengsler, omgjevingar, stemningar i mindre, svelgjelege og fordøyelege porsjonar. Dikta suser ikkje forbi meg som så mykje anna. Eit dikt let meg vera tilstade.

Tankar eg aldri tenkte. Kjensler eg aldri kjente.

Men som andre tenkte og kjente. Og som dei leiter fram ord til, for å kunne gje dei vidare. Takk, poetar. Ein vert rikare av slikt.

Prøv. Lite å tapa. Litt tid kanskje. Poesien finn du gratis på ditt næraste bibliotek.

(Lesetips: Eit dikt er ingen roman. Les diktet meir enn ein gong. Det er fint å lesa saman med nokon. Fyrst stille inni seg. Så høgt for kvarandre. Alle har sin eigen lesestemme. Alle lesestemmer har noko å tilføra. Te passar fint til med dikt.)

Kommentarer

PerMS sa…
Under en liten tjuvperm fra korsvei-mylderet tok jeg en tur på Seljord kunstforening. Der var det en fantastisk og uventet utstilling om ord, bøker og kunst. I kafeen solgte de lefser, cappuccino og brukte bøker. Jeg la 20 kr på disken og tok ut en tilfeldig bok:
Amichai Yehuda: "Naken i Jerusalem". (Tiden) 1998 Omsett/omdikta av Paal-Helge Haugen.
Helt ukjent navn og fremmed tema, men likevel til meg. Lykketreff.