Diagnosen

- Så du er altså heilt tom? spør psykolog Solavsen. Eg nikkar.
- Og det kjennes ut som om du har ein stor klump i hjarteregionen? kjem det frå doktor Rebensen. Dobbelnikk
Dei to fagpersonane ser på kvarandre. Rebensen løftar musikarhanda si for å seia noko, men psykologen kjem han i forkjøpet.
- Du har alle symptoma. Det kan ikkje vera anna enn postFHS – syndromet.
Solavsen dykkar ned i den tjukke boka si. Han seier ”hm” nesten ti gonger. Rebensen oppretthaldar dialogen med pasienten.
- Det er heilt normalt at du er stressa. Etter at bobla sprakk, kom kvardagsrealitetane strøymande inn i livet ditt. For at du ikkje skal få for høgt blodtrykk, konstant stive skuldrer og hovudverk, må du ta det litt med ro. Ikkje prøv å fiksa alt på ein gong.

Psykologen har funne noko han vil dela mellom alle bokstavane.
- Du har fått overdose på gode kjensler. Ja, menneska du har blitt så glade i, kan samanliknas med rusmiddel. Kjenslene dine har blitt overbelasta.

Rebensen kremtar.
- Eg veit at dette er ein uortodoks behandlingsmetode, men i dette tilfellet er eg villig til å leggja vekk alle innvendingar, seier han myndig.

- Og kva foreslår medisinaren? spør Solavsen.
Dei kviskrar seg i mellom. Solavsen rynker på nasen, Rebensen gestikulerar kraftig. Etter ei stund som kjennes som ei lita æve, seier dei i kor:

- Gruppeklem.

Kommentarer

Olav S. H. sa…
Godtgodt. Egsjølv hadde nok avslutta før ting hadde byrja å verte pjuskete og søde(som Einar ville ha sagt). Men, joja - godtgodt, kjære pasient.
Fru K sa…
takktakk, kjære psykolog.

eg kan ikkje slutta før ting vert pjuskete og søte, når ting faktisk er pjuskete og søte. dette utelukkar ikkje at ting kan ha andre adjektiv og, som du og einar kanskje kjenner dykk meir komfortable med.

(eg har sett spor av søtleik i tekstane dine og, utan at eg skal nemna eksempel.)
Preben sa…
oi. myndig... jeg? kremt, Rebensen.
Gestikuleringa: ja, ser den!

behandlingsmetoden er fin og gjennomtenkt. har vist seg å ha stor påvirkningskraft

jeg har ikke fått pakket ut ennå. tror en del av meg ikke vil...

glad i deg
Fru K sa…
eg trur medesinstudiet kjem til å bli plankekøyring for deg, du har forstått eit par viktige saker og ting allereie.

så lenge du har hugsa å pakka ut skittentøyet, så skulle det gå fint. men du må pakka ut før du skal reisa til bryne, for du treng kanskje ein sekk eller noko.

glad i deg og :)