Små ord

Trua mi står skriven i hjartet mitt med bokstavar av blod. Mange av orda er på eit språk eg ikkje kan lesa. Men eg veit at det er Han. Ingen annan kan vera kjelda til alt dette.

Han løfter bort sløret av menneskefrykt som har klistra seg fast til augeepla mine.
Han ber bort stein for stein i muren eg har bygd kring meg sjølve.
Han løyser lenkene eg har bunde meg fast med i frykt for å sveva ut i einsemda.

Han gjev meg eit nytt vern. Eit vern som ikkje stengjer meg ute frå livet.

Om mørkret mitt er djupt, er Han djupare.

Kjærleiken driv meg ut i livet. Menneska er så vakre.

Alle bokstavsamansetjingar vert klisjear. Gje meg eit nytt språk! Gje meg eit levande kjærleiksvokabular.

Kommentarer

Dan Freddy sa…
Hva kan jeg si? Du skriver utrolig bra! Fantastiske formuleringer...