Sånn kan det gå:

a) Ho fullfører ei juridisk utdanning. Ho får seg mann, hus, ungar og gjennom jobben reddar ho litt av verda. Ein dag kjem ho på at ho ein gong hadde eit kreativt språk. Difor skriv ho ei juridisk krimroman. Den er ikkje nyskapande, ikkje spanande og ikkje viktig. Ikkje les den boka.

b) Ho må bryta studiet, det var for lite levande. I staden byrjar ho å studere russisk litteratur og språk. Det er ingen som treng kompetansen hennar, men ho kosar seg i det minste mendan ho les Dostojevski på originalspråket. Ho vil ikkje skriva, for Dostojevski har allerede skrive det som var verdt å skriva. Dei sosiale antennane hennar frys til is i den russiske kulda.

c) Etter eit halvt år på juridisk fakultet, møter ho ein fantastisk mann. Berre synd at han er gal. Det ser alle utanom ho som er blind av kjærleik. Han får henne til å innsjå at ho er ei kunstnarsjel. Dei flytter til Island. Der driv dei ein på ein alternativ café og er kunstnarar resten av døgeret. Til slutt får ho gjeve ut ein surrealistiskpsykologisk roman. Hekla får utbrot og dei vert gravlagd i lava. Det var leit gitt.

Kommentarer

Bjørnar sa…
Hehehe! Meget festlig. :)

"Den er ikkje nyskapande, ikkje spanande og ikkje viktig. Ikkje les den boka." <- Løye! Det er ganske mange av disse bøkene i Real Life.
Ragnhild sa…
Tikken! Du har han! Les mer på bloggen min for info:)
Eli sa…
Hei Kristine!
Det begynne å bli ei stund siden me ba samen i et klasserom på Bryne vgs...må sei eg savne det litt og...men av og t tar eg turen innom bloggen din, og d e ca lika kjekt kver gong! Du skrive utrulig bra Kristine! Men du...eg bare lurte litt på ke du drive me for tiå? Studere jus?
Aspis sa…
HAHAHA! Du æ noge for deg sjøl.. (:
Fru K sa…
eg beklagar. eg gidder ikkje videreføre tikken. må eg møte sanksjoner? eg gjer rare ting. men eg vil at dei skal vera reservert for folka som møter meg, så kom og bli kjent med meg:)

kjekt å høyra frå deg eli! eg går på åsane folkehøgskule ved bergen, på skriververkstadlinja. DET ER KJEMPEFINT! neste år: jus i Oslo... og du då?

asbjørn: takk, du er noko for det sjøl du og. ingent tvil :)
Ragnhild sa…
Det er veldig greit, Kristine:) Du er koselig og rar. Det er nok det;)
Marge sa…
tikken! fysst nå leste eg at du ikkje vil ver me, det e greit. bloggen din e ikkje ein typiske tikken-blogg, og det e eit kompliment!
Anonym sa…
Bra, kristine. Kult! Men . . en smule pessimist? Tenk om du tok alt. 3. Då kan du bli huska i geografibogå t en elev i år 3050 f.eks. sånn så fålkå i Pompeii. Rått! ;)
Du æ ei go'jenta! Stå på!