Nord - Irland: Belfast

Me går ut av den svarte taxien. I dette bustadområdet er det ikkje mogleg å lata som om alt er fryd og gammen. Frå veggane stirer våpenmunningar og daude heltar på oss. Ungane i ”Hope” – barnehagen ser dei og, med små auge utan filter.

Ein ung mann går i gata. Han ser så normal ut at det er til å få vondt av. Var det han som stod modell for den maskerte mannen som er malt på huset hans?

Protestantar drep protestantar. Katolikkar drep katolikkar. Protestantar og katolikkar drep kvarandre. Makt i si eiga gruppe. Makt over fienden.

Eg skriv namnet mitt på ”The peace wall.” Me ser at byggjearbeidet ikkje er over. Dei byggjer oppover. Kan hende dei vil hindra katolske fuglar frå å blanda seg med dei protestantiske. Om kvelden stengjer politiet porten. Då bør ein ikkje vera på fiendtleg territorium.

I sentrum er ting absurd normale. Her går folk frå begge parter på same pub. Men for all del: Ikkje snakk om politikk, sport eller religion medan du nyt drikka di. Det kan du gjera blant dine eigne, kan hende medan du står på det katolske eller protestantiske busstoppet ditt.

Hurra for den historiske avtalen. Lukke til med samansetninga av parlamentet. Fred hadde vore fint. Men eg tviler på at fredsmuren har noko å bidra med.

Kommentarer

Kristina sa…
Hei kristine! Håpe du har det kjekt i Irland. Glede meg te å treffa deg igjen og håpe å få truffe deg i løpet av påska!
E innom her å kikke av og te,men må innrømma eg ikkje heilt tore kommentera i frykt for å ha misforstått. Beklage, hehe.