Terapi

Timeglaset mitt er lekk. Sandkorna druknar på den store stranda.

Den kvelden eg sat åleine på ei hytte med penn, papir, Sigurd Ros og eit glas. Bølgjene kjærteikna stranda. Skumring. Måkeskrik. Med skrivereiskapane laga eg metope.

Stranda er livet mitt. Eg tek opp litt sand. Rører ved han. Før han finn sprekkane mellom fingrane mine.

Om æva finnes, er ho nett no. Ingenting forsvinn ut av sirkelen.
Men tida går bort. Eg klarar ikkje gripa om alt dette. Klokkene mine smeltar.

Pust. Sandkorna er ikkje borte. Stranda er.

Sommarfrukost med ei venninne. Kavring og ost og te i massevis. Jazz.

Havet slår stranda. Eg møter det som er større enn livet mitt og blir borte.

Men eg er ikkje mindre.


Kommentarer

Dan Freddy sa…
Dypt, men tror jeg fulgte deg hele veien der:0)
funky_uncle sa…
"Om æva fins, er ho nett no."

Perfekt.

Gler meg til å skriva noko poetisk att.
Bjørnar sa…
"Den kvelden eg sat åleine på ei hytte med penn, papir, Sigurd Ros og eit glas."

Å fy fillen så gudd. Oppskriften på suksess.
Anonym sa…
Sigur ròs er forøvrig ikke en person, men islandsk for noe sånt som "seier-rose", men dette gjør ikke musikken mindre vakker. Du skriver pent, gjør du!