Vask

Eg ser den aldrande, afrikanske kvinna inn i auga, ho som pleidde jaga løver bort for å verna om buskapen sin, dei er daude no, ho som no ber ein liten gut på under eitt år, han er barnebarnet hennar og morlaus, han har slutta å legga på seg, og eg ser på min eigen mage som tyt litt ut over buksa, og tenkjer at han i det minste slepp det problemet, eg ser denne kvinna inn i auga og fortel henne korleis det heile heng saman

fordi eg har ei von om at ho vil forstå og vaska samvitet mitt reint, for det er så ekkelt å bera rundt på sitt eige skittenty, dei ekle idealistane har skitna meg til,

dei som meiner at eg burde ha latt bilen stå heime, sjølv om toget er dyrt og at ute er det kaldt og kjempevått, ja til og med paraplyen må gje tapt, dei påstår at eg kunne brukt det nye regntyet mitt, det som er så dillete å ta på seg, det er heller inga garanti mot forkjøling, og sjølv om eg ikkje hadde tid å sløsa bort ein halv time sosialt samvær, eller tv-samvær, ein må jo vera opplyst av tv-en for å kunne ta opplyste val,

alt dette berre for å la det fortsetja å regna i Afrika

og dei seier at eg burde kjøpa rettferdig ditt-og-datt i staden for alt anna, som for alt eg veit og kan vera rettferdig, men altså ikkje ber merket, eg vil då ikkje ta livsgrunnlaget frå bedrifter som ikkje fekk merket, stakkars folk, og stipendet mitt er ikkje stort nok til å prioritera dyrare varar, om fem år er eg ferdig utdanna, kan hende då, men no vil eg heller kunne kosa meg på kafé og bruka femhundrenorskekroner på ein herleg kveld, ja, dei vil ta frå meg den vesle lukka eg har, desse idealistane,

dei seier at me forbruker for mykje, ha! eg har då ikkje ein gong i-pod, heller ikkje laptop, og dei våger å påstå at eg overforbruker, nei eg er ein fattig stakkar,

nett som denne kvinna frå Afrika, ho har heller ikkje i-pod, og ho er så heldig at ho ikkje treng betala medlemskap på treningssenteret, ho bur ikkje i eit trongt rottehol for studentar, ho bur i det opne landskap, og ho må heller ikkje må bruka pengar for å vera sosial, ho kan invitera folk inn i teltet sitt på kokt vatn, og så kan dei sitja og le, det kan ikkje eg

og så er eg ferdig med å snakka med henne og ho smiler til meg og rekk meg handa og samvitet mitt stråler reint og kvitt for auga på meg fordi ho aksepterer meg, meg som dei idealistane kalla for ein drittsekk, der vart dei utklassa, for

ho som ikkje forstår anna språk enn sitt eige, har forstått meg nett som eg vil.

Kommentarer

Kjersti sa…
Hei!
Du e så flinke å skriva, så d e kje allti liga lett å veda ke eg ska kommentera. Håpe du kose dg på skulen din!