Utsnitt

26/9
Eg må slutta å mislika lyden av knekkebrød som vert tygga. Det er ein irritasjon det ikkje kjem noko som helst godt ut av.

24/10
Lat oss halda alvoret på meir enn ein armlengds avstand så det ikkje kvelar oss.

28/10
Den triste lyden av sugerøyr som drar opp restane av det som var. No er det inni meg. Mmm. Chilikakao.

15/10
No sit det jammen ein forfattar bak meg.(red. anm.: Tore Renberg) Eg håpar han er smittsam.

25/11
Angåande verdssituasjonen: Kven lurer meg?
Eg trur at menneske er gode, at Noreg er eit snilt land, at politikarane veit nok til å ta kloke avgjerder. Kvifor har me då fredsaktivistar?

Kan hende det er for mange sider av sakene til at alle kan visas fram samtidig.

Menneske kan ikkje øydeleggja kvarandre. Kvifor skjer det då?

Kjensle av å vera bakbunden, knebla, blinda og lurt trill rundt midt i eit demokratisk paradis.

Norske daudbringande våpen. Sant. Nei. Nei. Nei. Ein nordmann gjer då ikkje slikt.

Kan eit lite menneskehovud romma nok til å forstå?

27/11
Der er meir
Seier Pappa og kunsten
Kviskrar i det ukjende rommet der det
Yrer av uutforska liv

30/11
Lamma
Vil berre sitja her
Lukka auga
Sleppa å vera menneske
Ein del av dette

1/12
Når ein berre vil halda fast. Laga metope ut av alt, augneblinken, ramane. Skulle ønska ein kunne leva det vakre akkurat då. Akkurat nok.

Kommentarer

Anonym sa…
Dyp du!
Silje sa…
Du e flinke Kristine, det va kult aa lesa dette! Spanande! :) Savne deg her borte i hedningland. Du e sjefsjenta, kjempe kjekt aa snakke med deg paa telefonen, sjol om det vart litt kort! Haape alt e vel, ha ein freakings fin dag! Juleklem fra Shila
Fru K sa…
den søte gleda som oppstår når ein får kommentar :)

kva er eigentleg eit heidningland, shila?(kva skjedde med silje? eg vil ha silje attende)
Kristina sa…
Veldig bra skrevet Kristine, må beklage å sei at d e ofte eg ikkje orke å prøve å setta meg inn i tekstane dine. Men her fekk eg litt mindre setninga å avsnitt å forholda meg te,hehe.
Du vett å formulera deg å stilla spørsmål eg i alle fall ikkje he via så mange tanka te.
Kjekke jenta:-)
7i59efw2i8 sa…
After being exempted from the bill, 코인카지노 the industry shortly dropped its opposition and supported its final passage. C-218, was Canada’s most recent legislative effort to legalize single-game betting. It was a easy bill that would change the felony code to make it explicitly lawful for provinces to administer and regulate single-game sports activities betting.