Tre som fell

Kulturhorisonten min vert utvida. Men eg skal ikkje skriva om samtidsdansen me har vore på.

I går såg me stykket "Esse est percipi" ved Transiteateret. Oversett: Å vera er bli sansa. Publikum sat på scena. Skodespelarane kviskra og song og ropa mellom oss.

Treet som fell i skogen og ikkje vert høyrt. Har det felle? Kor på stranda vil ein selja iskrem? Til venstre, til høgre? Eller det unemnelege alternativ c. I midten. Dei unnlet å sei at det var det dei meinte.

Silje skodepselaren bryt ut or talkshowet. Lavmælt problematisering av verdas tilstand. Ho fjernar seg frå lyset, volumet på røysta stig, i bakgrunn aukar happymusikken, ho ropar til slutt, heilt i frå seg, bryt saman

og så seier ein mann: så fint at du får det ut, viktig å få artikulert det. Han sit ved sida av henne og trøyster henne og ho er lita og svak og verda dundrer vidare.

Ein ser berre det nokon tener på å visa fram. Kan me veta at det skjer noko anna?

Fin scene: Ein av skodespelarane vert skjelt ut fordi han gjorde meir enn å antyda. Kva skal ein då med kunst?

Kommentarer