Strikk meg ei sanning

Eg sit her med eit par strikkepinnar og lurer på om eg er idealist. Eller om eg berre vil spara min slukne stipendkonto for unødvendige kutt.

Dei fortel meg at verda ikkje er bra. At me øydelegg kvarandre, at me, og då kan hende særleg oss nordmenn, tærer på resten av verda som ein gjeng vemmelege parasittar. Og at me slepp ut gassar i mengder som får utsleppa frå sauene på New Zealand til å verka små.

Men no sit eg altså her og kuttar bort produksjonsledd. Fingrane lausnar på den globaliserte kjerringknuten. Kort sagt; eg reddar verda. Når barnebarna mine om 60 år druknar i smelta pol-is, så var det ikkje min feil.

Og så smilar eg. Eg nektar å ta innover meg realitetane. At mine strikkepinnar ikkje kan stikka hol i ein giftig ballong så han forsvinn. For det er ingen ballong. Det er ei bombe. Strikkepinnanekan ikkje eliminera han. Kanskje alle verdas strikkepinnar kunne gjera noko, men ikkje dei to som ligg i hendene mine. Mac Gyver kunne kanskje få det til.

Ein rein dråpe i eit forgifta hav. Ha! Det skulle ha vore milliardar av reine dråper. Då hadde me snakka om endring. Maktesløyse. Maktesløyse. Maktesløyse!

Nei! Kan ikkje gje etter for kjensla av å vera så liten som eg er, av at eg er berre meg, og at monsterbedriftene ikkje kan stansast. Det finnes ingen bedriftsmonster. Det finnes livsfarlige maurtuer, men ingen monstermaur. Menneske. Snille menneske. Menneske som ikkje kan drepe eit anna menneske for å få seg ein trerettars middag. Men som gjer det fordi dei klarar å tru at dei ikkje gjer det.

Løgn. Bort med han! Strikk meg eit skjerf og fortel meg ei sanning.

Kommentarer